mini|Pavlovo Posad-sjal Pavlovo Posad-sjal (), Pavlovsky-sjal eller Povlovo Posad-skjerf er eit tradisjonelt russisk klede og handarbeid. Det blir ofte brukt saman med andre tradisjonelle russiske klede.
Ullsjal kom på mote i Russland på byrjinga av 1800-talet. Dei fyrste sjala hadde vovne mønster, men frå midten av hundreåret byrja ein laga billigare sjal med trykka mønster. Ein fabrikk i småbyen Pavlovsky Posad i Moskva oblast fekk ei leiande rolle, og er i dag den einaste gjenverande sjalfabrikken i Russland.
Bakgrunnsfargen på desse sjala er ofte svart. Deretter er det pynta med store og små blomemotiv i fleire fargar. Den viktigaste dekorasjonsfargen er raudt, ettersom fargen har tydinga 'vakker' i russisk kultur. Orientalske og tyrkiske ornament har også vore populære.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pavlovo Posad shawl» frå , den 3. oktober 2021.
Kategori:Sjal Kategori:Russiske klede Kategori:Russisk folkekunst