«Gudbuy T'Jane» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1972 som den andre singelen frå det tredje studioalbumet deira, Slayed?. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen nådde andreplassen på den britiske singellista og låg inne på lista i 13 veker. Singelen selde til sølvplate i Storbritannia i 1973.Slade Fan Club Newsletter Februar–March 1973 I USA nådde songen 68. plassen. Han vart òg gjeven ut på samlealbumet Sladest i 1973.

Songen gjekk til topps på lista til New Musical Express og var den mest suksessrike singelen til Slade i USA i 1970-åra, då han nådde 68. plassen der. B-sida til singelen «I Won't Let It 'Appen Agen», som òg kom ut på Slayed? som eit albumspor.

Det vart filma to musikkvideoar til filmen, begge av Caravelle. Den første viste bandet som vitskapsfolk i eit observatorium med kvite frakkar og utklyppstavle. Den andre videoen vart filma i The Rainbow Theatre i London ein ettermiddag før bandet skulle halde konsert der. Dei framførte songen på scenen og seinare vart det lagt til filmklipp frå publikum.

I Storbritannia spelte bandet songen på musikkshowet Top of the Pops. Dei spelte òg songen på det tyske TV-showet Musikladen og det nederlandske showet TopPop.

Innhald 7"-singel «Gudbuy T'Jane» – 3:31 «I Won't Let It 'Appen Agen» – 3:15

7"-singel (Amerikansk promo) «Gudbuy T'Jane» – 3:31 «Gudbuy T'Jane» – 3:31

7"-singel (Singapore EP) «Gudbuy T'Jane» – 3:31 «Look At Last Nite» – 3:06 «Mama Weer All Crazee Now» – 3:45 «I Won't Let It 'Appen Agen» – 3:15

Salslister Liste (1972/73)PlasseringAustralia (Kent Music Report) 11Den austerrikske singellista7Den belgiske singellista5Canadian Singles Chart72Den nederlandske singellista4Den franske singellista8Den tyske singellista3Irish Singles Chart2Norwegian Singles Chart7Den sveitsiske singellista4UK Singles Chart2U.S. Billboard Hot 10068

Medverkande Slade Noddy Holder – solovokal, rytmegitar Dave Hill – sologitar, korvokal Jim Lea – bass, korvokal Don Powell – trommer

Andre medverkande Chas Chandler – produsent

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gudbuy T'Jane» frå , den 9. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Slade-songar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar produserte av Chas Chandler Kategori:The Replacements-songar