«Wheels Ain't Coming Down» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1979 som opningssporet på det åttande studioalbumet deira Return to Base. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Slade. I 1981 kom songen ut att på ny på det neste albumet deira, We'll Bring the House Down og kom ut som den andre singelen frå dette albumet i mars. Han nådde då 60. plassen på den britiske singellista.
Songen kom òg ut på EP-en Six of the Best i 1980, som ikkje gjekk inn på salslista.
«Wheels Ain't Coming Down» fortel ei soge om ei nær døden-oppleving Holder og Lea hadde på ei flyreise til Los Angeles.Noddy Holder, Vic Reeves and others. Does The Team Think, Episode 6., 21. februar 2009 Hjula på flyet kom ikkje ned og flyet måtte kræsjlande.
B-sida til singelen var «Not Tonight Josephine», som tidlegare hadde vore B-side på singelen «Sign of the Times» i 1979.
Det vart filma ein musikkvideo til songen, men han vart ikkje vist då singelen kom ut. Han var regissert av Eric Boliski. Videoen vart filma ettermiddagen 10. mars 1981 i Southampton Gaumont, før bandet skulle halde konsert der på kvelden.
Innhald 7"-singel «Wheels Ain't Coming Down» – 3:37 «Not Tonight Josephine» – 3:03
Salslister Liste (1981)PlasseringUK Singles Chart60
Medverkande Noddy Holder – solovokal, rytmegitar, produsent, arrangør Dave Hill – sologitar, korvokal, produsent, arrangør Jim Lea – bass, korvokal, produsent, arrangør Don Powell – trommer, produsent, arrangør
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wheels Ain't Coming Down» frå , den 14. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Slade-songar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Songar om luftfart Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Songar produserte av Jim Lea Kategori:Songar produserte av Noddy Holder Kategori:Songar produserte av Dave Hill Kategori:Songar produserte av Don Powell