Aleksej Jurjevitsj Nemov () er ein russisk tidlegare turnar frå Barasjevo i Mordovia. Han vart olympisk meister i 2000. Over ein tiårsperiode vann han 4 OL-gull, 5 VM-gull og 5 EM-gull.

Aktiv Nemov var med på det russiske turnlandslaget frå 1995 til 2004. Under OL 1996 i Atlanta vart han andremann i mangekampen og tok gullmedaljen i hopp og fekk gull i lagtevlinga, dessutan fekk han bronse i bøyelhest, frittståande og svingstang. Fire år seinare i Sydney vart han olympisk meister i mangekamp og i svingstang, tok attåt sølv i frittståande, bronse i bøyelhest, skranke og i lagtevlinga.

Nemov vann VM-gull i hopp i 1995 og 1996, i frittståande i 1997 og 1999, og på bøyelhest i 1999. Dei fem EM-gulla fordelte seg på to i frittståande, like mange i lagkamp og eitt i skranke.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alexei Nemov» frå , den 19. oktober 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske turnarar Kategori:Olympiske meistrar for Russland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2000 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2004