«Do You Believe in Miracles» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1985 som ein singel i samband med samleplata Crackers: The Christmas Party Album. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av John Punter. Han nådde 54. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i seks veker.

«Do You Believe in Miracles» var inspirert av Bob Geldof og den veldedige konserten Live Aid, som Slade ikkje vart invitert til å spele på. Teksten omhandlar tankane til Holder kring det Geldof fekk til med Live Aid.CD-heftet til Rogues Gallery - 2007 Salvo

B-sida til singelen var «My Oh My (Swing Version)», som var eksklusiv for singelen og som seinare kom ut på samlealbumet B-Sides. På 12"-singelen var det ein lengre versjon av «Do You Believe in Miracles» på A-sida og ei andre B-side, «Time to Rock», henta frå albumet Rogues Gallery.

Det vart filma ein musikkvideo til songen, regissert av Phillip Davey.

Format 7"-singel «Do You Believe in Miracles» - 4:11 «My Oh My (Swing Version)» - 3:02

7"-singel (australsk utgåve) «Do You Believe in Miracles» - 4:11 «Time to Rock» - 4:08

7"-singel (ecuadoriansk promoutgåve) «Do You Believe in Miracles» - 4:11 «My Oh My (Swing Version)» - 3:02

7" britisk juleutgåve «Do You Believe in Miracles» - 4:11 «My Oh My (Swing Version)» - 3:02 «Santa Claus Is Coming to Town» - 2:39 «Auld Lang Syne/You'll Never Walk Alone» - 3:28

12"-singel «Do You Believe in Miracles (Extended Version)» - 6:12 «My Oh My (Swing Version)» - 3:02 «Time to Rock» - 4:08

12" britisk juleutgåve «Do You Believe in Miracles» - 4:11 «My Oh My (Swing Version)» - 3:02 «Time to Rock» - 4:08 «Santa Claus Is Coming to Town» - 2:39 «Auld Lang Syne/You'll Never Walk Alone» - 3:28

Salslister Liste (1985)PlasseringUK Singles Chart54

Medverkande Slade Noddy Holder - solovokal Jim Lea - bass, synthesiser, korvokal, produsent på «Time to Rock», «Santa Claus is Coming to Town» og «Auld Lang Syne/You'll Never Walk Alone», arrangør Dave Hill - sologitar, korvokal Don Powell - trommer

Andre medverkande John Punter - produsent på «Do You Believe in Miracles» Monty Babson - produsent på «My Oh My (Swing Version)» Stan Butcher - arrangør på «My Oh My (Swing Version)» The Clinic - design, illustrasjon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Do You Believe in Miracles» frå , den 20. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Slade-songar Kategori:RCA Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Noddy Holder Kategori:Songar skrivne av Jim Lea Kategori:Veldedige singlar Kategori:Songar produserte av John Punter