mini|Kvinne med kokosjnik måla av Ivan Argunov.
Kokosjnik (av russisk коко́шник) er eit tradisjonelt russisk hovudplagg. Hovudplagget blir brukt av kvinner til ein sarafan og er eller var mest vanleg i dei nordlege regionane, frå 1500-talet og framover. Plagget har variert i stil og utforming, men dei fleste assosierer det med eit høgt hovudplagg med ein tverrstilt halvmåneforma topp eller kam. Plagget er dessutan ofte rikt dekorert.
Historisk blei kokosjnik berre brukt av gifte kvinner, og håret skulle vera heilt tildekka. Ugifte kvinner brukte povjazka, som var open bak, men elles ganske lik.Kirichenko, Evgenii︠a︡ Ivanovna (1991). The Russian Style. London: Laurence King. p. 51. ISBN 9781856690041.
mini|venstre|Fyrstinne Olga Konstantinovna Orlova med ein gigantisk halvmåneformet kokosjnik, på ball i Vinterpalasset i St. Petersburg den 13. februar 1903.
Då fyrstinne Olga Konstantinovna Orlova av slekta Beloselskij-Belozerskij tredde inn i ballsalen i Vinterpalasset i St. Petersburg, under maskeradeballet der den 13. februar 1903, bar ho ein gigantisk halvmåneforma kokosjnik.Frid Kvalpskarmo Hansen (2016) Perleforbannelsen. NRK Viten, 31.07.2016. Hovudplagget var besett med edelsteinar og brodert med over tusen ferskvassperler, som truleg stammar frå elvemuslinger (Margaritifera margaritifera) fanga i vassdraga rundt Kvitsjøen.Frid Kvalpskarmo Hansen (2016) Perleforbannelsen. NRK Viten, 31.07.2016.
Sjå òg Hornlue
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kokosjnik» frå , den 29. oktober 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russiske ord og uttrykk Kategori:Russisk kultur Kategori:Hovudplagg