Denne artikkelen er om teikneserieskaparen, for gitaristen Mads Eriksen, sjå Musikaren Mads Eriksen.

Mads Eriksen () er ein norsk teikeserieskapar frå Malvik, like aust for Trondheim i Sør-Trøndelag. Han er kjend for teikneseriane Gnom og M. Mads er medlem av Trondheimstegnerne.

Han teikna dei fyrste to sidene av Gnom i 2000 og sende dei inn til Bladkompaniet, der han fekk god respons. Idéen til serien kom då han filosoferte over kvar sokk nummer to vert av i vaskemaskina.

Gnom vart trykt i Smult, medan M vart ei av dei faste stripene i Dagbladet etter at Mads vann ein teikneseriekonkurranse der hausten 2003.Mads Eriksen skviser Hårek intervju på tegneserier.no M figurerer dessutan fast i Pondus. I mai 2005 gav Schibstedforlagene ut det fyrste M-albumet. I juni 2006 tok M over Blondie sin plass i Adresseavisen. I desember 2006 starta M å kome ut som eige månadshefte.Omtale av bladet hjå Schibstedforlagene

Eriksen teiknar i dag serien M på heiltid. Serien handlar om hans eige lett surrealistiske liv, med nokre overnaturlege innslag. Serien er krydra med obskure, «nerdete» referansar, og Star Wars spelar ofte ei hovudrolle i desse.

Eriksen slutta å levere teikneseriestriper sommaren 2008. Leveringspress i forhold til forlaget og sjukdom vart oppgjeve som grunnar til dette. I eit intervju med Dagens Næringsliv i september 2009 fortalte han at han var i gang med å teikne nye striper.

Utgjevingar Gnom, samlealbum, Schibstedforlagene «Humoralbum 2/2005» M, fyrste album, utgjeve sommaren 2005, Schibstedforlagene «Humoralbum 4/2005» M, andre album, utgjeve 2005-10-17, Schibstedforlagene «Superalbum høsten 2005» M, julehefte, utgjeve 2005-11-21, Schibstedforlagene «Humoralbum 7/2005» M: Superalbum, utgjeve 2006-07-31, Schibstedforlagene M julealbum 2006, utgjeve 2006-11-27, Schibstedforlagene M, månadshefte, første utgåve nr 1, 2006, i desember, Schibstedforlagene

Bakgrunnsstoff Dagleg «M» på start.no

Nettmøte Mads Eriksen i nettmøte på start.no (oktober 2004) Nettmøte på start.no (juni 2005)

Intervju Nerdens hevn , intervju i Studvest (publisert 2005-10-12) Stripene på veggen, intervju i Aftenposten (publisert 2005-06-23)

Omtalar Hysterisk - men tynt, omtale av julehefte 2005, tegneserier.no (publisert 2005-12-15) Kaffe, snus og elektrosjokk , omtale av andre M-album, i Under Dusken (publisert 2005-10-24) Mesterlige «M», omtale av det fyrste M-albumet på tegneserier.no (publisert 2005-05-24) M, omtale av det fyrste M-albumet hjå Spirit Den frekke gnomen , omtale av Gnom samlealbum i Stavanger Aftenblad (publisert 2005-03-04) Ugangsstrekenes konge, omtale av Gnom samlealbum på tegneserier.no (publisert 2005-03-02)

Referansar

Eriksen, Mads Kategori:Folk frå Malvik