Sveits debuterte i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956 og har delteke 61 gongar. Ved fire høve har Sveits vore borte frå Eurovision Song Contest: 1995, 1999, 2001 og 2003. Sveits har vunne Eurovision Song Contest tre gongar: på heimebane i 1956 med Lys Assia, i 1988 med Celine Dion, og i 2024 med Nemo. Sveits har komme siste heile ni gongar og har fått null poeng fire gongar – like mange som Noreg og Austerrike. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Sveits kvalifisert seg til finalen ved 6 gongar på 17 forsøk. I 2019 klarte Sveits å kvalifisere seg til finalen for fyrste gang sidan 2014, og fekk sin beste plassering på 26 år med ein fjerdeplass. Også i 2021 kvalifiserte landet seg til finalen, og etter innføringa av to semifinalar var dette fyrste gongen Sveits klarte to finalekvalifiseringer på rad. Sveits fekk sin fyrste topp 3-plassering på 28 år med ein tredjeplass.
Historikk Sveits er på fleire måtar heimlandet til Eurovision Song Contest. I kjølvatnet av andre verdskrigen ønskte Den europeiske kringkastingsunionen, som elles har hovudkvarter i Sveits, å skape eit samlande, felleseuropeisk tv-program som kunne promotere organisasjonen. Etter forslag frå den sveitsiske fjernsynsmannen Marcel Bezençon fall til slutt valet på ei internasjonal songtevling, inspirert av den italienske San Remo-festivalen. Den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest gjekk av stabelen i Lugano i Sveits 24. mai 1956, med sju deltakande land. Ikkje berre vart Sveits vertsnasjon, landet vann også tevlinga med Lys Assia og songen «Refrain». Lys Assia representerte også Sveits i 1957 og 1958 og har etter kvart vorte grande dame av Eurovision Song Contest. miniatyr|Trioen Peter, Sue og Marc har delteke for Sveits fire gongar. Her i 1976.
Sigeren «glapp» etter norsk tabbe Etter sigeren i 1956, fulgte fleire gode resultat for Sveits, og landet kom på topp ti kvart år fram til 1964. I 1958 var Lys Assia igjen nær ved å vinne, då ho vart nummer to bak Frankrike med André Claveau og «Dors, mon amour». I 1961 kom Sveits på ein tredjeplass, og og i 1963 såg det ut til at Sveits hadde vunne sin andre siger med Esther Ofarim og «T'en va pas». Då alle land hadde gitt sine poeng, låg Sveits to poeng foran Danmark. Men den norske juryen hadde gitt feil poeng, og Noreg måtte gi sine poeng på ny heilt på slutten av avrøystinga. Då dei nye norske røystene var tatt med, gjekk Danmark forbi Sveits og vann med to poeng. Noreg vart i ettertid skulda for å hjelpe eit naboland til siger, men feilen kom av at den norske juryen ikkje var ferdig med å telle poenga då dei vart kalla opp. I kaoset las difor ein stressa Roald Øyen opp dei mellombelse resultata, og i feil rekkjefølgje.
Svingande resultat I 1964 kom Sveits på sisteplass for fyrste gang, og en ny sisteplass følgde i 1967. Begge gongane var også utan poeng. Utover i 1970- og 1980-åra svinga resultata. Fleire gongar hamna Sveits langt ned på lista, men i åra 1975–1982 kom Sveits på topp ti kvart einaste år. I Bergen i 1986 vart Sveits nummer to, og i 1988 vann landet sin andre siger med den då ukjende fransk-kanadiske artisten Céline Dion og låten «Ne partez pas sans moi». Dette er langt i frå einaste gong Sveits har importert ein artist til å representere seg, blant dei var Esther Ofarim (1963) israelsk, Annie Cotton (1993) kanadisk, mens bandet Vanilla Ninja (2005) er estiske. Det er ingen regler som seier at artist eller låtskrivar må vere frå landet han eller ho skal representere. Også Noreg har vore representert av utlendingar, blant anna svenske Benny Borg (1972) og delar av gruppa Secret Garden (1995).
Liten suksess etter 2000 I 1993 fekk Sveits sin førebels siste topplassering då Annie Cotton sang landet til ein tredjeplass. Etter dette har Sveits hatt liten suksess i tevlinga og måtte stå over Eurovision Song Contest i både 1995, 1999, 2001 og 2003. Etter at EBU innførte semifinalar i 2004, har Sveits berre kvalifisert seg til finalen på fem av seksten forsøk. I åra 2007–2010 og 2015–2018 klarte ikkje Sveits å kvalifisere seg til finalen. I tillegg har Sveits komme sist i semifinalen fire gongar – meir enn noko anna land.
Den beste plasseringa til Sveits etter 2000 er ein tredjeplass frå 2021 med Gjon's Tears og «Tout l’Univers». Dette var fyrste gongen sidan 1993 at Sveits klarte ein pallplassering i Eurovision Song Contest.
Språk Som eit fleirspråkleg land har Sveits hatt fordelen av å syngje på fleire språk: fransk, tysk, italiensk og retoromansk. Av dei 60 bidraga Sveits har sendt til Eurovision Song Contest, har 23 vore på fransk, 12 på tysk, 14 på engelsk, 10 på italiensk og 1 på retoromansk. Sveits har hatt størst suksess med sine franskspråklege bidrag: Av åtte topp tre-bidrag har sju vore på fransk – inkludert båe vinnarane.
Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Plass Poeng Plass Poeng 1956 Lys Assia «Das alte Karussell» Tysk data-sort-value="99999" data-sort-value="99999" rowspan="38" colspan="2" data-sort-value="99999" 1956 Lys Assia «Refrain» Fransk 1 data-sort-value="99999" 1957 Lys Assia «L'enfant que j'étais» Fransk 8 5 1958 Lys Assia «Giorgio» Tysk og italiensk 2 24 1959 «Irgendwoher» Tysk 4 14 1960 «Cielo e terra» Italiensk 8 5 1961 «Nous aurons demain» Fransk 3 16 1962 Jean Philippe «Le retour» Fransk 10 2 1963 Esther Ofarim «T'en va pas» Fransk 2 40 1964 «I miei pensieri» Italiensk 13 0 1965 «Non, à jamais sans toi» Fransk 8 8 1966 «Ne vois-tu pas?» Fransk 6 12 1967 «Quel cœur vas-tu briser?» Fransk 17 0 1968 «Guardando il sole» Italiensk 13 2 1969 «Bonjour, bonjour» Tysk og fransk 5 13 1970 «Retour» Fransk 4 8 1971 «Les illusions de nos vingt ans» Fransk 12 78 1972 «C'est la chanson de mon amour» Fransk 8 88 1973 «Je vais me marier, Marie» Fransk 12 79 1974 «Mein Ruf nach Dir» Tysk 14 3 1975 «Mikado» Tysk 6 77 1976 «Djambo, Djambo» Engelsk 4 91 1977 «Swiss Lady» Tysk 6 71 1978 «Vivre» Fransk 9 65 1979 + , og «Trödler und Co» Tysk 10 60 1980 «Cinéma» Fransk 4 104 1981 «Io senza te» Italiensk 4 121 1982 «Amour on t'aime» Fransk 3 97 1983 «Io così non ci sto» Italiensk 15 28 1984 «Welche Farbe hat der Sonnenschein?» Tysk 16 30 1985 og «Piano, piano» Tysk 12 39 1986 «Pas pour moi» Fransk 2 140 1987 «Moitié, moitié» Fransk 17 26 1988 Céline Dion «Ne partez pas sans moi» Fransk 1 137 1989 «Viver senza tei» Retoromansk 13 47 1990 «Musik klingt in die Welt hinaus» Tysk 11 51 1991 Sandra Simó «Canzone per te» Italiensk 5 118 1992 «Mister Music Man» Fransk 15 32 1993 «Moi, tout simplement» Fransk 3 148 colspan="2" data-sort-value="-9999" 1994 «Sto pregando» Italiensk 19 15 rowspan="2" colspan="2" data-sort-value="99999" colspan="5" 1996 «Mon cœur l'aime» Fransk 16 22 8 67 1997 «Dentro di me» Italiensk 23 5 colspan="2" rowspan="7" data-sort-value="99999" 1998 «Lass ihn» Tysk 25 0 colspan="5" 2000 «La vita cos'è?» Italiensk 20 14 colspan="5" 2002 «Dans le jardin de mon âme» Fransk 22 15 colspan="5" 2004 «Celebrate» Engelsk colspan="2" 22 0 2005 Vanilla Ninja «Cool Vibes» Engelsk 8 128 8 114 2006 «If We All Give a Little» Engelsk 16 30 colspan="2" data-sort-value="-9999" 2007 «Vampires Are Alive» Engelsk rowspan="4" colspan="2" 20 40 2008 «Era stupendo» Italiensk 13 47 2009 «The Highest Heights» Engelsk 14 15 2010 Michael von der Heide «Il pleut de l'or» Fransk 17 2 2011Anna Rossinelli«In Love For a While»Engelsk 25 19 10 55 2012 Sinplus «Unbreakable» Engelsk rowspan="2" colspan="2" 11 45 2013 Takasa «You and Me» Engelsk 13 41 2014 «Hunter of Stars» Engelsk 13 64 4 92 2015 «Time to Shine» Engelsk rowspan="4" colspan="2" 17 4 2016 «The Last of Our Kind» Engelsk 18 28 2017 «Apollo» Engelsk 12 97 2018 «Stones» Engelsk 13 86 2019 Luca Hänni «She Got Me» Engelsk 4 364 4 232 Gjon's Tears «Répondez-moi» Fransk colspan="4" 2021 Gjon's Tears «Tout l’Univers» Fransk 3 432 1 291 2022 Marius Bear «Boys Do Cry» Engelsk 17 78 9 118 2023 Remo Forrer «Watergun» Engelsk 20 92 7 97 2024Nemo«»Engelsk 1 591 4 132 2025 «Voyage» Fransk 10 214 colspan="2" data-sort-value="-9999" 2026 «» Engelsk
Røystehistorikk
+ Sveits har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 275 02 228 03 225 04 207 05 196
+ Sveits har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 203 02 194 03 188 04 176 05 169
Galleri
Eurovision Song Contest i Sveits År Stad Arena Programleiarar1956 Lugano Teatro Kursaal Lohengrin Filipello1989 Lausanne Palais de Beaulieu Jacques Deshenaux og Lolita Morena2025 Basel Hazel Brugger, Sandra Studer (alle showa) og Michelle Hunziker (finalen)
Sjå òg Sveits i Junior Eurovision Song Contest
Kjelder
Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Sveits i Eurovision Song Contest Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Sveits i Eurovision Song Contest» frå , den 28. oktober 2021.
Kategori:Sveits i Eurovision Song Contest Kategori:Land i Eurovision Song Contest