Cecilie «Ba» Dedekam (fødd Valborg Cecilie Dedekam, ) var ein norsk bilethoggar, målar og grafikar frå Oslo. Ho vart først og fremst kjend for skulpturar hogd ut i forskjellige bergartar. Dedekam hadde fleire prisvinnande verk på utstilling i forskjellige norske og internasjonale galleri og museum i løpet av karrieren.
Bakgrunn Cecilie Dedekam vart fødd i Kristiania i 1914. Foreldra hennar var generalagent Finn Dedekam og Valborg Boe. Ho studerte ved Queen Annes’s Studio i London i 1932, og ved Statens håndverks- og kunstindustriskole 1933–35. I 1936 gifta Dedekam seg med skipsreiar og filantrop Tom Wilhelmsen. Ho studerte vidare ved Art Students League i New York 1958-1960, og ved Pratt Graphic Art Center i New York i 1972. Ho var óg ute på fleire studiereiser til blant anna Frankrike, Italia, Mexico og Spania.
Ho stilte for første gang ut kunst under kunstnarnamnet Ba Dedekam under Haustutstillinga i 1960, her med ein skulptur i gips. Seinare vart kunsten hennar utstilt på fleire separat- og kollektivutstillingar i Noreg og andre land. Ho mottok fleire internasjonale prisar for sine grafiske verk og skulpturar.
Dedekam veksla mellom forskjellige teknikkar og kunstformar, og skapte skulpturar, måleri, grafikk og glasrelieff. Dedekam var mest kjend for sine relativt små skulpturar hogd ut i forskjellige bergartar, som for eksempel marmor, alabast og kleberstein. I tillegg skapte ho skulpturar i gips, bronse og leire. Naturalistiske eller meir abstrakte menneske- og dyreformer var vanlege motiv i hennar skulpturar. Desse skulpturane hadde ofte ei verknadsfull kontrast mellom ømfintleg overflatebehandling og delar av steinblokka som ikkje vart uthoggen.
Ba Dedekam og Tom Wilhelmsen var gift fram til Wilhelmsen døydde i 1978. Dei var foreldre til Wilhelm Wilhelmsen (1937–2020), Finn Wilhelmsen (1939–2013), Cecilie Paus (f. 1943) og Helen Juell (f. 1947). Dedekam døyde 95 år gammal 31. august 2010 i Sveits.
Prisar, premiar og utmerkingar
Grand Prix for skulptur på utstillinga Grand Prix International de Peinture et Sculpture par Association des Artistes de France et d'Outre-Mer, Paris 1972 Grafikkpris, Cannes 1975 Grand Prix Art Décoratif, Dauville 1976
Utstillingar
Kollektivutstillingar
Statens årlige Kunstutstilling, Oslo, 1960 Statens årlige Kunstutstilling, Oslo, 1963 Statens årlige Kunstutstilling, Oslo, 1974-1975 Unge Kunstneres Samfund, 1962 Østensjøutstillingen, 1963 Oslo Kunstforening, 1970 Galleri Per, Oslo, 1970 Unge Kunstneres Samfund jubileumsutstilling, Stavanger Kunstforening, 1970 Internasjonal kunst- og kulturutstilling, Abidjan, Elfenbenskysten, 1972 Grand Prix International de Peinture et Sculpture, Paris, 1972 Associated American Artists, New York, 1973 Månedens skulptur, Kunstnernes Hus, Oslo, 1974-01 1. Halle aux Toiles, Paris, 1974 11. Grand Prix International de Peinture la Côte d'Azur, Cannes, 1975 Grand Prix des 7 Vollines, Rom, 1975 Grand Prix, Dauville, 1976 Roma, 1976 Grand Prix, Lyon, 1978 Luxembourg, 1980 Milano, 1980 Nordisk Skulpturbiennale, Drammen, 1980
Separatutstillingar
Galleri Per, Oslo, 1966 Galleri Per, Oslo, 1970 Galleri Per, Oslo, 1972 Intimgalleriet, Bergen Kunstforening, 1973 Intimgalleriet, Bergen Kunstforening, 1974 La Caverne des Arts, Paris, 1974 Tromsø Kunstforening, 1974 Galleri Galtung, Oslo, 1975 Galleri Mouffe, Paris, 1976 Cannes, 1976 Biarritz, 1976 Gall. Tanum, Oslo, 1978
Kjelder
Kategori:Norske bilethoggarar Kategori:Norske målarar Kategori:Norske grafikarar Kategori:Kunstnarar frå Oslo