Pärlälven er eit vasdrag i Lappland (Norrbottens län) i Sverige som er 139 km langt. Elva er ei bielv til Lilla Luleälven, og har eit nedslagsfelt på 2296 km². Kjelda til elva ligg i Arjeplogs kommun, men det meste av elva renn gjennom Jokkmokks kommun. Ho renn gjennom vatna Peuraure, Karats og Piertinjaure, for ho renn saman med Lilla Luleälven i Purkijaure, nokre mil vest for Jokkmokk. På 1700-talet sanka ein elveperlemuslingar i elva, noko som gav henne namnet. I dag er elva brukt av sportfiskarar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pärlälven» frå , den 6. november 2021.
Bakgrunnsstoff
SR-Play, Naturmorgon; "Vi skärskådar vindkraften och skidar längs Pärlmusslans älv" Naturmorgon, 31 mars 2012
Kategori:Elvar i Sverige Kategori:Luleälven