Linda Trast Lillevik () er ein norsk samisk bibliotekar, journalist og barnebokforfattar frå Alta. Ho har òg arbeidd med amatørrevyar som skodespelar og tekstforfattar.Presentasjon av Linda Lillevik i Forfatterkatalogen på Forfattersentrums nettsider

Linda Trast Lillevik er busett i Kabelvåg i Vågan i Nordland, som ho fyrst flytta til då ho var 14. Ho har fått Nordland fylkast forfattarstipend 2007 og stipend frå Norsk Revyforfattarfond 2009.

Forfattarskap Barnebøkene til Lillevik varierer i tema og uttrykk, frå dyreeventyr til sorgbearbeiding og fotodokumentar. Dei mest kjende er ein serie på tre fotobiletbøker laga saman med fotografen Kjell Ove Storvik, om Kristine, ei jente med Downs syndrom: Klart jeg kan!, Klart vi tør! og Skoleklart.Klart jeg kan!; Eide forlag Denne trilogien er omsett og utgjeven i Japan. Boka Evas reise er ein hyllest til Hurtigruta og tydinga hennar for Kyst-Noreg. Utgjevinga er på både norsk, engelsk og tysk i same utgåve. Ho har òg skrive ein biografi for barn og unge om kunstnaren Kaare Espolin Johnson (2007). Boka Skriv revytekster (2009) er ei inspirasjonsbok som gjev eit innblikk i skriveprosessen knytt til eit utval av revytekstane hennar. Hausten 2021 lanserte Lillevik si første samiske biletbok for barn, Nils på Njukčagáisá / Niillas Njukčagáissás. Denne er basert på forteljingar frå skodespelaren Nils Utsi sin barndom. Boka er utgjeven både på norsk og nordsamisk.

Bibliografi

Velklang og lystig leven : glimt fra en 100-årings historie – 1994 Lofotjenta Julie – biletbok, 1995 Måsungen Åsmund – biletbok, 1998 Klart jeg kan! – biletbok, 1998 Evas reise – biletbok, 1999 Klart vi tør! – biletbok, 2000 Typisk pingvin! – faktabok for barn, 2002 Skoleklart! – biletbok, 2002 Kom farmor! – biletbok, 2005 Eventyrlige Espolin; glimt fra et kunstnerliv – fagbok for ungdom, 2007 Skriv revytekster! – fagbok, 2009 Fly med! : Skarvene fra Utrøst – biletbok, 2014 Fommel & Fjas – biletbok, 2016 Nils på Njukčagáisá/Niillas Njukčagáissás – biletbok basert på barndomsminne fortalde av Nils Reidar Utsi, 2021 Amina og Abel i dragekamp – biletbok for barn og unge, 2023 Sover du, Eanat? – biletbok, 2024 Oađát go, Eanat? – nordsamisk, 2024

Prisar og utmerkingar

«Heiderspris», Norsk Revyfaglig senter 2003Lofotposten: Pris under revyfestivalen 2003 Jack Berntsens kulturpris 2006 «Beste tekst», Revyfestivalen 2007Lofotposten: Pris under revyfestivalen 2007

Kjelder

Kategori:Folk frå Vågan Kategori:Folk frå Alta Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske bibliotekarar Kategori:Norske komikarar Kategori:Norske barnebokforfattarar