Viktoria av Hessen-Darmstadt, seinare Viktoria Mountbatten, markise av Milford Haven (Victoria Alberta Mathilde Marie; ), var den eldste dottera av Ludvig IV av Hessen-Darmstadt (1837–1892) og den første kona hans prinsesse Alice av Storbritannia (1843–1878).

Mor til prinsesse Viktoria døydde medan søskena hennar enno var små barn, og ho inntok ein slags forelderrolle for dei. Ho gifta seg med fetteren til faren, prins Ludwig av Battenberg, seinare kjent som Louis Mountbatten, 1. marki av Milford Haven. Han var offiser i den britiske kongelege marinen (Royal Navy). Ekteskapet bar preg av gjensidig kjærleik. Dei budde mange ulike stader i Europa, der han til kvar tid var plassert i samband med tenesta si. Ho var ofte på besøk hos dei kongelege slektningane sine rundt om i Europa. Internt i familien vart Viktoria sett på som liberal, openhjarta, praktisk orientert og opplyst.

Under den fyrste verdskrigen og den russiske revolisjnen vart to av søstrene hennar, som hadde gifta seg inn i den russiske tsarfamilien, drepne av revolusjonære kommunistar. Ho og ektemannen hennar sa frå seg dei tyske titlane sine og tok til seg det britiskklingande etternamnet Mountbatten, som enkelt nok var ei omsetjing av det tyske «Battenberg» til engelsk.

Ho var mormor til prins Philip, hertug av Edinburgh, ektemannen til dronning Elizabeth II av Storbritannia.

Tidleg liv venstre|mini|Viktoria med foreldra sine og den yngre søstera si, Ella. Viktoria vart fødd første påskedag 1863 på Windsor Castle. Den 27. april same år vart ho boren til dåpen av mormor si, dronning Viktoria.Hough 1984, s. 28 Fram til Viktoria var tre år gammal budde familien ved Bessungen i Tyskland. Etter dette drog familien til Neues Palais i Darmstadt, der Viktoria delte rom med den yngre systera si Ella. Medan Viktoria budde i Bessungen fekk ho privatundervising og vart interessert i litteratur.Hough 1984, s. 30

Under den prøyssiske invasjonen av Hessen i juni 1866 blei ho sendt av garde til England saman med systera Ella. Her fekk dei bu hjå mormora fram til striden opphøyrde.Hough 1984, s. 29 Hessen-Kassel, og delar av Hessen-Darmstadt, vart innlemma i Preussen som følgje av invasjonen. Under Den fransk-prøyssiske krigen i 1870 blei det danna militære sjukestover på eigedomen til Neues Palais, og Viktoria hjelpte til i suppekjøkkenet saman med mora. Ved eit seinare høve fortalde ho om denne kalde vinteren, og om korleis ho ein gong hadde brunne seg på armen etter å ha fått glovarm suppe over seg.Hough 1984, s. 34

Den 18 månader gamle broren til Viktoria, «Frittie» fekk i 1872 diagnosen hemofili. Denne diagnosen kom som eit sjokk på dei europeiske kongefamiliane. Det hadde gått tjue år sidan dronning Viktoria fødde sonen prins Leopold, som fekk påvist hemofili. No lurte ein på om blødersykdommen kunne vera arveleg.Hough 1984, s. 36 I mai 1873 fall «Frittie» ut av eit vindauge og døydde. Dette var den første av dei mange familietragediane som Viktoria fekk oppleva.

I 1878 fekk Viktoria påvist difteri. Ella blei flytt ut av rommet deira, og vart det einaste familiemedlemmet som unngjekk sjukdomen. Mora til Viktoria pleidde ho og dei andre sjuke i familien i fleire år. Syste til Viktoria, Marie, døydde i 1878. Akkurat i det sjukdomane byrja å gje slepp på familien, vart mor til Viktoria. Ho døydde den 14. desember, same dato som far hennar, prins Albert, hadde døydd 17 år tidlegare.Hough 1984, s. 46–8 Sidan Viktoria var det eldste barnet i søskenflokken, tok ho på seg ei morsrolle for dei yngre syskena sine, og måtte vera til støtte for faren. Seinare skrev ho, «Døden til mor mi var eit tap som ikkje kunne reparerast ... Barndommen min enda med hennar død, for eg vart den eldste og mest ansvarsfulle.»Hough 1984, s. 50, sitat på originalspråket: «My mother's death was an irreparable loss ... My childhood ended with her death, for I became the eldest and most responsible.»

Ekteskap og familie mini|Ludwig av Battenberg og Viktoria.

Under ulike familieselskap hadde Viktoria ofte møtt fetteren til far sin, prins Ludwig av Battenberg, eit medlem av ei morganatisk linje av den hessiske herskarfamilien. Prins Ludwig hadde fått britisk statsborgarskap og tenestegjorde som offiser i Royal Navy. Vinteren 1882 møttest dei igjen ved Darmstadt, og dei forlova seg sommaren 1883.Hough 1984, s. 57

Etter ei kort utsetjing av bryllaupet som følgje av hertugen av Albanys død, gifta Viktoria seg med prins Ludwig den 30. april 1884 i Darmstadt.Hough 1984, s. 114 Far hennar godtok ikkje at dei hadde funne kvarandre. Han meinte at prins Ludwig hadde for lite pengar og ville ta frå han selskapet til dottera, sidan paret kom til å bu i Storbritannia. Viktoria valde å oversjå misnøya til faren.Ziegler 1985, s. 24 Same dag gifta far til Viktoria seg i løyndom med elskarinne si, Alexandrine de Kolmine, ei tidlegare kone av den russiske chargé d'affaires i Darmstadt. Ekteskapet hans med ei skild kvinne av folket sjokkerte dei kongelege rundt om i Europa, og etter press både frå familien og diplomatar, såg Viktorias far seg tvinga til å avlysa sitt eige ekteskap.Hough 1984, s. 117–22

Over dei fem neste åra, fekk Viktoria fire barn: NamnFøddDødKommentarAlice25. februar 18855. desember 1969Gifta seg i 1903 med Andreas av Hellas og Danmark; hadde etterkommarar. Mor til prins Philip.Louise13. juli 18892. mars 1965Gifta seg i 1923 med kong Gustaf VI Adolf av Sverige (hans andre ekteskap); ei dødfødd dotter.George6. november 18928. april 1938Gifta seg i 1916 med grevinne Nadejda Mikhailovna de Torby; hadde etterkommarar.Louis25. juni 190027. august 1979Gifta seg i 1922 med Edwina Cynthia Annette Ashley; hadde etterkommarar. Dei budde i mange ulike hus ved Chichester i Sussex, Walton-on-Thames og Schloss Heiligenberg i Jugenheim. Då prins Ludwig tenestegjorde på middelhavsflåten, heldt Viktoria til nokre vintrar på Malta. I 1887 fekk ho påvist tyfoid, men etter å ha vorte pleidd av sin ektemann var ho frisk nok til å kunna vera til stades ved dronning Viktoria sitt gulljubileum i London.Hough 1984, s. 158–9 Viktoria var interessert i vitskap, og teikna eit detaljert geologisk kart over Malta. Ho deltok òg i arkeologiske utgravingar både der og i Tyskland. Ho skreiv fleire avhandlingar om bøker ho hadde lese. Bøkene omfatta eit breitt spekter av emne, blant anna sosialistisk teori.Hough 1984, s. 213–4, 372 & 375

Ho underviste barna sine sjølv, og eksponerte dei ofte for nye ider og nyvinningar.Hough 1984, s. 177 Ho underviste sonen sin Louis fram til han var ti år gammal. I 1968 kalla han ho «[...]eit vandrande leksikon. Gjennom heile livet lagra ho kunnskap om emne av alle slag, og ho hadde den store gåva at ho gjorde alt ho lærte meg interessant. Ho var fullt metodisk; vi hadde timeplanar i kvart fag, eg måtte førebu meg og så vidare. Ho lære meg å nyta det å arbeida hardt og det å vera grundig. Ho sa det ho meinte og var openhjertig på ein måte som var nokså uvanleg blant medlem av kongefamilien. Og ho var òg heilt fri for fordomar når det kom til politikk, hudfarger eller den slags ting.»Terraine 1980, s. 6, sitat på originalspråket: «[…] a walking encyclopedia. All through her life she stored up knowledge on all sorts of subjects, and she had the great gift of being able to make it all interesting when she taught it to me. She was completely methodical; we had time-tables for each subject, and I had to do preparation, and so forth. She taught me to enjoy working hard, and to be thorough. She was outspoken and open-minded to a degree quite unusual in members of the Royal Family. And she was also entirely free from prejudice about politics or colour and things of that kind.»

I 1906 flaug ho med ein zeppeliner. Seinare flaug ho med eit biplan, sjølv om det ikkje «[...]var laga for å frakta passasjerar. Vi sat trygt fest på ein liten krakk medan vi heldt oss fast til flygarens rygg.» Fram til 1914 vitja Viktoria regelmessig slektningane sine, både i Tyskland og Russland, inkludert dei to systrene sine som hadde gifta seg inn i den russiske tsarfamilien.Viktoria sitert etter Hough 1984, s. 215 Den eine systera var Ella, som hadde gifta seg med storfyrst Sergej Aleksandrovitsj, og den andre var Alix, som hadde gifta seg med tsar Nikolaj II av Russland. Viktoria var ein av dei som prøvde å få Alix bort frå Rasputin sin innverknad.Hough 1984, s. 264 Ved utbrotet av krigen mellom Tyskland og Storbritannia i 1914 var Viktoria og dottera henanr, Louise, i Russland ved Jekaterinburg. Dei reiste med tog og dampskip til St. Petersburg og derfrå gjennom Torneå til Stockholm. Dei segla seinare frå Bergen med «det siste skipet» attende til Storbritannia.Hough 1984, s. 289

Seinare liv mini|Viktoria måla av Philip de László før 1937. Prins Ludwig vart tvinga til å seia frå seg stillinga i marinen ved starten av den første verdskrigen, då den tyske bakgrunnen hans var lite populær. Paret trekte til seg tilbake Kent House på Isle of Wight. Denne eigedomen hadde vorte gjeven til Viktoria av tanta hennar, prinsesse Louise, hertuginne av Argyll.Hough 1984, s. 274 Viktoria gav styresmaktene skulda for oppseiinga av ektemannn frå marinen. Ho meinte at «...få hadde stor respekt eller tillit til styresmaktene».Vickers 2000, s. 113, sitat på originalspråket: «[W]ho few greatly respect or trust» Winston Churchill, som på den tida hadde den høgaste sivile stillinga i marinen, hadde ho ikkje stor tru på. Ho meinte han ikkje var til å stola på, sidan han ein gong hadde lånt ei bok på biblioteket og ikkje levert henne tilbake.Terraine 1980, s. 10

Fyrste verdskrigen heldt fram, og fiendtlegheitane mellom Storbritannia og Tyskland auka. Som følgje av den antityske haldninga i Storbritannia, sa Georg V av Storbritannia frå seg dei tyske titlane sin, og kort tid etter dette, 14. juli 1917 sa prins Ludwig og Viktoria frå seg sine. Samstundes anglifiserte dei etternamnet Battenberg til Mountbatten.Eilers 1987, s. 187 Tre dagar seinare vart Ludwig gjort til adelsmann av kongen, som marki av Milford Haven. Under krigen vart dei to systrene til Viktoria, Alix, tsarina av Russland og Ella, storfyrstinne Sergej av Russland, drepne i eit attentat som skulle vera eit ledd i den russiske revolusjonen. I Tyskland vart bror hennar Ernst Ludvig, storhertug av Hessen, avsett. Under det siste besøk hennar til Russland i 1914 hadde Viktoria reist forbi same hus i Jekaterinburg som systera Alix vart myrda i.Hough 1984, s. 288 Liket til Alix vart aldri funne i Viktorias levetid, men i januar 1921 etter ei lang ferd fekk Viktoria sjå liket etter Ella i Jerusalem.Kerr 1934, s. 261