Emilie «Emmy» Louise Abel () var ein norsk forfattar, journalist, omsetjar og forretningskvinne.

Emmy Abel var dotter av kunstforleggjaren Hans Holtermann Abel (1830-1903) av slekta Abel og fotografen Louise Doris Sophie Pauline Kleffel (1841-1907). Ho vart gift 3. november 1892 med forfattar og journalist Balthazar Schnitler ved notarius publicus i Kristiania. Dei er oldeforeldre til Lars Lillo-Stenberg.

Som forfattar gav Emmy Abel ut bøker under jentenamnet sitt. Jula 1894 kom den første barneboka hennar, Kalle og Ella. Ho var i fleire år medarbeidar i Norske Intelligenz-Seddeler, og omsette dessutan føljetongar.

Saman med Christne Franciska Halvorsen oppretta ho i 1904 Kaffeforretningen Excellent i Valkyriegaten 11 i Kristiania. Forretninga vart nedlagd i 1906. Frå 1909 dreiv ho restauranten ved Tjøme Bad.

Bibliografi

1894: Kalle og Ella 1911: Smaa Skøiere (Fortælling for barn)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Emmy Abel» frå , den 11. november 2021.

Litteratur

Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Forfattarar frå 1800-talet Kategori:Forfattarar frå 1900-talet