Myriam Halden Bjerkli () er ein norsk forfattar, frilansjournalist, frilansfotograf, selgar, omsetjar og forlagsredaktør busett i Larvik.
Virke Ho debuterte hos Gyldendal forlag med ungdomsboka Cyprianus i 2007. Ho vart omsett til dansk i 2008. Boka vart kåra til «Randabergboka 2007», ei kåring gjort blant alle femteklassingane i Randaberg i Rogaland. I august 2009 gav ho ut si bok nummer to, ungdomsboka Mickel i mål på Gyldendal forlag. I 2010 gav ho ut foto- og faktaboka The Gambia, og dessutan dikt- og måleriboka Rock'n roll, baby, eit samarbeidsprosjekt med målaren Kari-Mette Astrup. I mars 2017 debuterte ho som krimforfatter, med romanen Lille Linerle, ei bok som vart nominert til Maurits Hansen-prisen, Nytt blod. I februar 2019 kom oppfølgjaren Stella Polaris og i mars 2020 kom tredje boka i Kodal-trilogien, Djevelens yngel.
Bjerkli har bidrege til fleire antologiar, tidsskrift og avisar med intervju, dikt, noveller og kåseri. Ho har vunne diverse skrivekonkurransar. Blant anna vann ho NRK sin påskekrimføljetongkonkurranse i 2003, NRK P2s SMS-diktkonkurranse i 2004 og NRK/Bokprogrammets diktkonkurranse i 2006.
Bjerkli har bidrege med fotografi i bøker, blad og aviser. Ho er premiert i fleire fotokonkurransar, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Ho har òg delteke på fleire juryerte fotoutstillingar, blant anna i Noreg, Italia og USA, og ho har dessutan hatt separatutstillinger i Sandefjord og Larvik.
Hausten 2011 var ho vikarierande redaktør for Byavisa Larvik & Stavern.
Bjerkli er dagleg leiar i safefirmaet M.H. Bjerkli, er forlagssjef i Forlagshuset i Vestfold, som består av dei fire imprintforlagene Liv forlag, Lyst forlag, Jubel forlag og Forglemmegei forlag. Bjerkli er også forfattar og frilansjournalist. Ho driftar nettstaden Litteraturivestfold.no.
Bibliografi
Som forfattar
2006: Tre i spann med Ånund K. Homme og Grethe Larsen – lyrikk, Setesdalsforlaget 2007: Cyprianus – ungdomsroman, Gyldendal 2009: Mickel i mål – ungdomsroman, Gyldendal 2010: The Gambia – fakta, LIV forlag, nyutgitt også på engelsk i 2014. 2010: Rock`n roll, Baby – dikt, LIV forlag 2017: Lille Linerle – spenningsroman, LIV forlag 2019: Stella polaris – spenningsroman, Capitana forlag 2020: Djevelens yngel – spenningsroman, Capitana forlag 2021: Engelens fall – spenningsroman, Strawberry Publishing
Som omsetjar
2014: Elisabet Omsèn/Eva Lindegren: Pappa sitter i fengsel – omsett frå svensk. 2016: Elisabet Omsèn: På utsiden – omsett frå svensk 2017: Marie Bosson Ridell: Emma sier nei – omsett frå svensk
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Myriam Halden Bjerkli» frå , den 11. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Myriam H. Bjerklis heimeside Forfattarside hos Gyldendal Forlag Forfattarside hos Capitana Forlag Liv Forfattarsida til forlag Byavisa Larvik og Stavern Safefirmaet M. H. Bjerkli Nettstaden Litteratur i Vestfold Nettstaden til Forlaghuset i Vestfold AS Presentasjon av Myriam H. Bjerkli i Forfattarkatalogen på Nettsidene til forfattarsentrum
Kategori:Folk frå Larvik Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske forfattarar