Hanne Henriette Bryn () var ein norsk barnebokforfattar og lærar. Ho kalla seg òg Henriette Bryn.
Familie Hanne Henriette Bryn var dotter av overlærar Boye Jacobsen og Sigrid Helgesen."Norway Baptisms, 1634-1927," database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWNZ-FMK : 10 February 2018), Hanne Henriette Jacobsen, 17 Mar 1880; citing ; FHL microfilm 1,282,676. Ho vart gift med seinare major Alf Bryn (1869–1946) i 1903. Dei var foreldre til diplomat og ambassadør Aage Bryn (1905-1950).
Liv og virke Før ho vart gift arbeidde Hanne Henriette Bryn som lærar. Forfattarskapen hennar strekte seg over eit knapt tiår, då ho gav ut bøker nærast årleg. Debuten hennar var Vesle Gunvor og Per, som kom ut på Aschehoug forlag i 1923.
Ho var i fleire tiår politisk aktiv i Det frisinnede folkeparti. I 1914 vart ho vald til kyrkjeverje for Holmenkollen kapell av Vestre Aker kommune.
Ho heldt òg Husmortime i radiosendingar med ulike kåseri retta mot husmødrer.
Bibliografi
1923: Lille Gunvor og Per, Aschehoug 1924: Hjemmefra, Aschehoug 1925: Wencke, Aschehoug 1926: På egen hånd, Aschehoug 1927: Hva en gutt kan opleve, Aschehoug 1928: Klubben, Aschehoug 1930: Blandt søsken, Some & Co.s Forlag 1931: Vi starter – tre gutters oplevelser en sommer, Some & Co.s Forlag
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hanne Henriette Bryn» frå , den 12. november 2021.
Bakgrunnsstoff Minneside basert på bilete og gravminnedata for Hanne Henriette Bryn, (17. mars 1880 - 05. september 1963), Slekt og Data Gravminnebasen
Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1900-talet