Megan Denise Fox () er ein amerikansk skodespelar og modell. Ho er kjend for rollene sine i fjernsynsserien Hope & Faith (2004) og i filmen Transformers.
Tidleg liv Fox vart fødd i Oak Ridge i Tennessee som barn av Darlene Tonachio, frå Roane County i Tennessee, og Franklin Foxx. Terry Morrow,Insider: Rockwood starlet morphs from tomboy to 'sexiest' , Knoxville News Sentinel, 2. mai 2008 Far hennar kutta ut ein «x» frå etternamnet sitt like før eller like etter at Megan vart fødd. Fox har ei eldre syster. Megan Fox on her surname Familiebakgrunnen hennar er irsk, fransk og amerikanske urfolk. Megan Fox on family background and celebrity inspired tattoo from Maxim Radio
Berre 16 år gammal byrja Fox karrieren sin etter å ha vunne fleire prisar under 1999 American Modeling and Talent Convention på Hilton Head Island i Sør-Carolina. venstre|mini|portrett|Megan Fox ved Hollywood Life Magazine’s 7th Annual Breakthrough Awards høgre|mini|Megan Fox ved Spike TV's 2007 Scream Awards Fox fekk filmdebuten sin i filmen Holiday in the Sun frå 2001, som den bortskjemde Brianna Wallace og rivalen til Alex Stewart (Ashley Olsen). Ho fekk så nokre gjesteopptredener i tv-seriar som Ocean Ave., What I Like About You, Two and a Half Men og The Help i perioden frå 2003 to 2004. I 2004 spelte Fox i Confessions of a Teenage Drama Queen saman med Lindsay Lohan. Ho fekk så ei større gjentakande rolle i fjernsynsserien Hope & Faith, der ho spelte figuren Sydney Shanowski frå 2004 til 2006
Fox sitt store gjennombrot kom då ho fekk rolla som Mikaela Banes i action-filmen I-en til Transformers 2007, basert på leiketøy-figurane og teikneserie-filmane ved saman namn. Ho spelte kjærasten til Shia LaBeouf sin rollefigur Sam Witwicky. Ho skreiv kontrakt for to oppfølgjarar til Transformers. Det vart ein viss kontrovers kring rolla til Fox då ho filma oppfølgjaren til Transformerss og regissøren Michael Bay gav henne melding om å leggja på seg. Yahoo Entertainment! Megan Fox Told to Gain 10 Pounds for Transformers Sequel
I juni 2007 fekk Fox ei rolle i filmen How to Lose Friends & Alienate People, saman med Jeff Bridges, Simon Pegg og Kirsten Dunst. Rolla som Fox spelte, var som ein ung Hollywood-filmstjerne som får den første kjennskapen med berømtheit. Filmen hadde premiere i oktober 2008.
Som fotomodell har Fox stilt opp for blad som FHM, GQ og Maxim. GQ Articles, Pics, and More on men.style.com FHM valde ho til «Sexiest Woman in the World» i 2008.
Fox fekk si fyrste tatovering då ho var 19, som ei form for sjølvuttrykking. Tatoveringane hennar har vore med på å popularisera tatoveringsmote. Ho har hatt over ni tatoveringar, inklusive eit dikt, eit symbol for styrke på nakken, Greens namn på eine hofta, eit okseauge på den nedre ryggen sin, ein rosa flamingo på det øvre låret sitt, og eit bilete av ansiktet til Marilyn Monroe på den høgre armen sin. Ho har òg ei tatovering på den høgre skuldra si som seier: «We will all laugh at gilded butterflies», som er eit utdrag frå Shakespeare-skodespelet King Lear. Fox enda opp med å fjerna Monroe-tatoveringa gjennom fleire laserbehandlingar fordi ho fann at livet til Monroe var fullt av negativitet som ho ikkje ønskte å følgja.
Warner Bros. valde Megan Fox som sitt første val til å erstatta Angelina Jolie i den tredje Lara Croft: Tomb Raider-filmen, men Fox avslo. På nettstaden Moviefone kåra lesarane Megan Fox til den mest sexy, og dårlegaste skodespelaren i 2009.Verdens Gang - Hun er årets dårligste skuespiller
Megan Fox spelte ei rolle i thrilleren Passion Play med Mickey Rourke og Bill Murray i 2010.
Personleg liv
Fox byrja gå ut med skodespelaren Brian Austin Green i 2004, etter at dei hadde møtt kvarande på settet til Hope & Faith. Ho var då 18 år, medan han var 30. Ifølgje Fox var Green usikker på om han ville ha eit forhold med henne på grunn av aldersskilnaden. Paret blei trulova i november 2006. I februar 2009 skal dei ha avslutta trulovinga, men Foz har også sagt at ho Green var trulova kontinuerleg frå 2006.
Fox og Green gifta seg 24. juni 2010 ved ein privat seremoni ved Four Seasons Resort på Maui. Dei har tre søner: Noah Shannon Green (f. 2012), Bodhi Ransom Green (f. 2014) og Journey River Green (f. 2016). Fox var også stemor for Green sin son Kassius (f. 2002) frå eit tidlegare forhold. Fox ba om skilsmisse 21. august 2015, nokre dagar etter at paret hadde annonsert ein separasjon. Tidleg i 2016 var dei saman att og venta sitt tredje barn. I mai 2020 gjorde Green det kjend at han og Fox var blitt separerte etter nær ti års ekteskap. I november 2020 ba Fox om skilsmisse frå Green att, og skilsmissa blei stadfesta 15. oktober 2021. Filmografi ÅrFilmRolleKommentar2001Holiday in the SunBrianna WallaceGjekk rett på video2004Confessions of a Teenage Drama QueenCarla SantiniCrimes of FashionCandaceTV-film2007TransformersMikaela Banes2008How to Lose Friends & Alienate PeopleSophie MaesWhoreLost2009Jennifer's BodyJennifer CheckTransformers: De beseirede slår tilbakeMikaela Banes2010Jonah Hex Passion Play Lilah Lily 2013This is 40DesiThis Is 40 er ein amerikansk komedie frå 2012FjernsynÅrTittelRolleKommentar2002Ocean AveIone Starr2003What I Like About YouShannon2004Two and a Half MenPrudence, barnebarnet til BertaThe HelpCassandra RidgewayHope & Faith Sydney Shanowski 2004 Confessions of a Teenage Drama Queen Carla Santini 2007 Transformers Mikaela Banes 2008 How to Lose Friends & Alienate People Sophie Maes Whore Lost 2009 Transformers: Revenge of the Fallen Mikaela Banes Jennifer's Body Jennifer Check 2010 Jonah Hex Tallulah Black / Lilah Passion Play Lily Luster 2011 Friends with Kids Mary Jane 2012 The Dictator Herself This Is 40 Desi 2014 Teenage Mutant Ninja Turtles April O'Neil 2016 Teenage Mutant Ninja Turtles: Out of the Shadows April O’Neil2019 Above the Shadows Juliana Zeroville Soledad Paladin The Battle of Jangsari Maggie 2020 Think Like a Dog Ellen Reed Rogue Samantha O'Hara 2021 Till Death Emma Midnight in the Switchgrass Rebecca Lombardi Night TeethGrace TBABig Gold Brick JacquelineUnder produksjon TBA Naya Legend of the Golden Dolphins Princess Leilani (stemme) Under produksjon TBAGood Mourning with a UUnder produksjon TBAThe Expendables 4Under produksjonTBAJohnny & ClydeUnder filming
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Megan Fox» frå , den 12. november 2021.
Delar av denne artikkelen bygger på «Megan Fox» frå , den 10. desember 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske modellar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar frå 2000-talet Kategori:Skodespelarar frå Tennessee Kategori:Kvinnelege skodespelarar frå 2000-talet