Jostedal er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004.

Jostedal kommune Kommunen vart oppretta som Jostedal formannskapsdistrikt i 1837. Kommunen omfatta mellom anna dalføret Jostedalen. 1. januar 1963 vart Jostedal kommune som då hadde eit innbyggjartal på 796, slegen saman med Hafslo og Luster kommunar til den nye Luster kommune.«Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for tidlegare Jostedal kommune frå 1920 til 1963: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Jostedal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1963 956 964 977 915 817 796 Jostedal prestegjeld og sokn Jostedal prestegjeld omfatta i tillegg til Jostedal sokn òg Gaupne sokn og Fet og Joranger sokn. Både Gaupne og Fet og Joranger vart overførte til Jostedal prestegjeld i 1967, Gaupne hadde tidlegare høyrd til Luster prestegjeld, medan Fet og Joranger hadde vore to sjølvstendige sokn tilhøyrande Hafslo prestegjeld.«Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket

I Jostedal sokn er det ei kyrkje, Jostedal kyrkje frå kring 1660. Staden har vore kyrkjestad frå 1200-talet og ein kjenner til ei eldre stavkyrkje som har stått der.«Jostedal kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon I det tidlgare prestegjeldet er det elles fire kyrkjer; Fet kyrkje frå 1894, og Joranger kyrkje frå 1600-talet, begge på Indre Hafslo og tilhøyrande Fet og Joranger sokn, og Gaupne gamle kyrkje frå kring 1650 og Gaupne kyrkje frå 1907 i Gaupne sokn. Jostedal, Fet, Joranger og Gaupne har alle hatt kyrkje frå mellomalderen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Arkiv frå Jostedal kommune Kommunale arkiv. Henta frå Arkivportalen.no Privatarkiv. Henta frå Arkivportalen.no

Kategori:Historie i Luster Kategori:Tidlegare kommunar i Sogn og Fjordane Kategori:Sokn i Indre Sogn prosti