Karen «Kaja» Marie Ebbell () var ein norsk omsetjar, forfattar og språklærar.SAK, Fjære sokneprestkontor, F/Fa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1827-1839, s. 90

Familie Kaja Ebbell var fødd i Grimstad som dotter av kjøpmann Jørgen Bendix Ebbell og Inger Bie. Ho vart verande ugift.

Liv og virke Kaja Ebbell vaks opp i fødebyen Grimstad. I 1870-åra var ho privatlærarinne i Lillesand. I 1880-åra dreiv ho ein tilsvarande praksis i Grimstad, der ho gav elevar undervising i engelsk og tysk.

Ho gjorde seg mest notert som omsetjar, og omsette fleire forteljingar og oppbyggelege verk frå engelsk til norsk. Dei mest kjende av desse var Sir Evelyns Myndling av Margaret Isabella Arden og Edith Vernons Livsgjerning.

Ebbell skreiv òg boka Et skjæbnesvangert Løfte, som ho gav ut under psevdonymet Ebba i 1887. Ho skreiv dessutan føljetongar til fleire aviser.

Ho gav òg ut ein Kristelig Kalender, med forord av presten August B. Jahnsen.

Bibliografi

1887: Et skjæbnesvangert Løfte, Kristiansand 1905: Kristelig Kalender, Johs. Bjørnstads Forlag

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kaja Ebbell» frå , den 13. november 2021.

Litteratur

Kategori:Folk frå Grimstad Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Norske forfattarar