Ingrid Anna Evertsen () er ein norsk skodespelar og standup-komikar frå Tromsø, best kjend for rollefiguren «Mossa».
Som Mossa har ho opptredd hyppig i diverse moroprogram frå Tromsø, blant anna i Du skal høre mye frå Rorbua, men òg i diverse private arrangement. Som «Mossa» gjorde ho eit lite comeback i NRK-serien Tidsbonanza episode 1 sesong 1.
Ho står òg bak ein kåseriserie i Norgesglasset på NRK kalla «Lev lurt med Evertsen».
Evertsen bur i Mefjordvær i Berg kommune på Senja. Ho sit i kommunestyret (formannskapet) for Arbeidarpartiet. Ho har eit stort samfunnsengasjement, blant anna til fordel for Tromsøs venskapsby Gaza og for rettane til homofile.
Bibliografi
Mossa i syden, Bladkompaniet, 1992 Mossa på hurtigruta, Bladkompaniet, 1993 Mossa si håndbok, Bladkompaniet, 1994
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ingrid Evertsen» frå , den 14. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Berg Kategori:Folk frå Tromsø Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske komikarar Kategori:Ap-politikarar i Troms