Marit Elisabeth Hætta Øverli () er ein norsk samisk songar.

Ho byrja ein lang musikkarriere med si første gruppe Masijentene. Gruppa grunnla Per K. Løberg, musikklæraren på skulen i Masi, i 1974. I 1991 vann ho Sámi Grand Prix. Seinare blei ho Finnmarks vinnar i NRKs 2000-årslåta. Etter promoplata Golle Máze / Goahtoeanen, kom hennar første eigne langspelplate, Ohcame (Iđut), ut i 1995. Musikarane som spelte på plata var Hans Fredrik Jacobsen, Kåre Kolve, Rune Arnesen og Svein Dag Hauge. I 2000 gav ho ut plata Daja Jienat. Seinare har ho og Klemet Anders Buljo grunnlagt ein duo, Duo Maret.

Prisar og utmerkingar I 2017 vann Øverli og Klemet Anders Buljo Altas kulturpris som Duo Maret. Året etter vann dei og Duo Maret igjen, denne gongen Finnmark fylkes kulturpris.

Diskografi Med Masijentene 1977 – Máze Nieidat (JLP 202) 1979 – Máze Nieidat II (JLP 205)

Solo 1995 – Golle Máze / Goahtoeanen (ICD95001), singel 1995 – Ohcame (ICD942) 2000 – Daja jienat

Med Duo Máret 2015 – Alo 2020 – Dusten dan, singel

Kategori:Samiske musikarar Kategori:Folk frå Kautokeino