Liv Kristine Espenæs Krull (), betre kjent som berre Liv Kristine, er tidlegare vokalist for bandet Theatre of Tragedy og vokalist og låtskrivar for Leaves' Eyes fram til januar 2016.

Ho vart beden om å slutta som vokalist i Theatre of Tragedy då ho, saman med bandet til sin tyske dåverande ektemann Atrocity, danna bandet Leaves' Eyes. Ho har også gitt ut soloplater.

Privatliv Den 3. juli 2003 gifta ho seg med Alexander Krull, som då var vokalist for det tyske bandet Atrocity. I desember same år fekk dei sonen Leon Alexander. Dei skilde seg i januar 2016.

Litlesystera hennar Carmen Elise Espenæs er vokalist i bandet Midnattsol.

Diskografi

Med Theatre of Tragedy

Theatre of Tragedy – Demo (1994) Theatre of Tragedy (1995) Velvet Darkness They Fear (1996) A Rose for the Dead – EP (1997) Aégis (1998) Musique (2000) Closure: Live – Livealbum (2001) Inperspective – EP (2001) Assembly (2002) Two Originals (2003)

Singlar

«Der Tanz der Schatten» (1996) «Cassandra» (1998) «Image» (2000) «Machine» (2001) «Let You Down» (2002) «Envision» (2002)

mini|Leaves' Eyes

Into Your Light (Single, 2004) Lovelorn (2004) Elegy (Single, 2005) Vinland Saga (2005) Legend Land (EP, 2006) Njord (2009) Meredead (2011) Symphonies of the Night (2013) King of Kings (2015)

Soloprosjekt

3am (Single, 1998) Deus ex Machina (1998) Take Good Care (Single, 1998) 3am – Fanedition (1999) One Love (Single, 1999) Fake a Smile (Single, 2006) Enter My Religion (2006)

Som gjestevokalist Liv Kristine Krull har vore gjestevokalist for banda Atrocity, Cradle of Filth, Orden Ogan, Das Ich, Delain, Genius, Heavenwood, Hortus Animae, Immortal Rites, Umbra et Imago, WeltenBrand og Savn.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Liv Kristine Espenæs Krull» frå , den 17. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Stavanger Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Norske songarar Kategori:Fødde i 1976