Nikkie de Jager (), best kjend under YouTube-brukarnamnet NikkieTutorials, er ein nederlandsk makeupartist og venleiksloggar. Ho fekk stor merksemd i 2015 med YouTube-videoen «The Power of Makeup» der ho viste seg med og utan sminke. Videoen vart raskt populær og inspirerte mange andre brukarar til å gjera det same. Per november 2021 har YouTube-kanalen hennar 13,8 millionar abonnentar og over 1,5 milliardar videovisingar.

Bakgrunn De Jager byrja å laste opp videoar på YouTube som 14-åring i 2008, etter å ha lege sjuk heime og sett MTV-serien The Hills. Der vart ho inspirert av sminka til Lauren Conrad. Sidan byrja ho å søkje på YouTube etter leksjonar for å attskape stilen til Conrad og vart sidan inspirert til å skape sin eigen YouTube-kanal. Etter å ha lasta opp videoar i rundt to år, melde de Jager seg opp på eit makeupkurs ved B Academy i Amsterdam. Sidan byrja ho for Colourfool Agency i 2011 og starta å jobba som profesjonell makeup-artist.

Hausten 2013 vart de Jager hovudsminkør for RTL 5-programmet I Can Make You a Supermodel med agenten Paul Fisher. De Jager forlét Colourfool Agency vinteren 2014 for å jobbe som frilansar innan hår og sminke.

Året etter oppnådde de Jager ry gjennom YouTube-kanalen sin, og vart ein kjend makeup-influensar. I 2017 kåra magasinet Forbes de Jager til ein av dei ti største venleiksinfluensarane i verda. Same året vann ho òg pris som årets «YouTube-guru» under Shorty Awards og prisen for «Choice Fashion/Beauty Web Star» under Teen Choice Awards.

I januar 2019 vart det kunngjort at de Jagar skulle fungere som internasjonal «skjønnheitsrådgjevar» for sminkeselskapet Marc Jacobs Beauty. Der skulle ho fungere som rådgjevar og delta i produktutvikling verda over, både for Marc Jacobs Beauty og hennar eigne kanalar. I 2020 skulle de Jager ha vore nettvert for Eurovision Song Contest som skulle vore arrangert i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien som nådde Europa berre nokre månader før tevlinga skulle haldast. I staden var ho nettvert for erstatningsprogrammet Eurovision: Europe Shine a Light 16. mai 2020. De Jager var programleiar for Eurovision Song Contest 2021 saman med Chantal Janzen, Jan Smit og Edsilia Rombley.

Privatliv 13. januar 2020 lasta de Jager opp ein video på YouTube-kanalen sin med tittelen «I'm Coming Out». Der avsløra ho at ho er tranperson, og at ho hadde vorte pressa av nokon som truga med å offentleggjere kjønnsidentiteten hennar. Ho gjennomgjekk kjønnsbekreftande behandling i barndomen og tenåra.

De Jager er trulova med partnaren sin Dylan Drossaers.

Deltakingar på fjernsyn I september 2017, var de Jager deltakar i det nederlandske gameshowet The Big Escape. I januar 2019, deltok ho i den nittande sesongen av den populære realityserien Wie is de Mol?. Ho var òg gjestedommar i den norske versjonen av Glow Up. I september 2020 deltok ho igjen i Wie is de Mol?, i ein spesialsesong i samband med 20-årsjubileet for realityserien.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nikkie de Jager» frå , den 18. november 2021.

Kategori:Einskildkvinner Kategori:Eurovision Song Contest-programleiarar Kategori:Realitydeltakarar Kategori:Youtubarar Kategori:Transkvinner