Erna Kamilla Schøyen (fødd Erna Kamille Berg, ) var ein norsk skodespelar med ei utstrekt verksemd både på teaterscene og i film. På teateret hadde ho òg songroller.
Familie Fødenamnet hennar var Erna Kamille Berg. Ho voks opp i Kabelvåg som dotter av bokhandlaren Ørger Johannes Berg (f. 1860) og Kamilla Benjaminsen (f. 1865).omtale fra danskefilm.dk Ho gifta seg 19. juni 1910 med zoologen Thor Hiorth Schøyen (1885–1961). Dei fekk dottera Vivi Schøyen, som var var skodespelar og mor til kulturjournalisten Hege Duckert.
Biografi Erna Berg var skodespelarelev ved Nationaltheatret 1905-06 og fekk debuten sin ved Fahlstrøms teater den 1. september 1906, i rolla som Suzet i stykket Vor Ven Fritz. Om prestasjonen hennar den fyrste kvelden skreiv Morgenbladet blant anna: «En indtagende Suzet var Frøken Erna Bergs. Hun tog ved sit Ydre og ved sitt naturlige Spil rettelig den største Del af Aftenensn Sukces.»
Ho vart verande ved Fahlstrøms teater til det blei lagt ned i 1911. I avskjedsførestillinga den 30. august 1911 spelte ho Dina Dorf i Samfundets Støtter. Deretter vart ho tilsett ved Centralteatret, der ho arbeidde til 1959. Ho var ved Chat Noir i åra 1920–1924.
Erna Schøyen medverka òg i eit titals filmar, blant anna nokon av dei fyrste stumfilmane. I 1917 hadde ho hovudrolla i den danske Under Kjærlighedens Aag, og i norske avisannonsar for denne filmen vart ho marknadsført som trekkplaster. Då Alice i Eventyrland vart den første Disney-filmen med norsk tale i 1950, var ho ein av dei norske stemmeskodespelarane. Som nordlending brukte ho barndomsdialekten sin barndom då ho spelte bestemora til pensjonatskuleeleven Bodø i ein Stompa-film. Schøyen var aktiv som skodespelar til ho var nærare 80 år gammal.
Schøyen bidrog i òg NRK sine litteraturopplesingsprogram på radio.
Teaterroller i utval
Suzet i stykket Vor Ven Fritz (Fahlstrøms teater, 1906) Snehvide i eventyroperaen Snehvide av Chr. Ursin (Fahlstrøms teater, 1907) Molly i Geisha (Fahlstrøms teater, 1908) Mina i Jomfru Hook van Holland av Paul M. Rubens (Fahlstrøms teater, 1909) Dina Dorf i Samfundets Støtter av Henrik Ibsen (Fahlstrøms teater, 1911) Grace Tyler i Kontanter av James H. Montgomery (Centralteatret, 1915) Eva i Det svarte Faar av Svend Rindom (Centralteatret, 1919) Margarite i Madame Sherry (Chat Noir, 1920-1921) Madam Salvesen i Baldevins Bryllup av Vilhelm Krag (Chat Noir, 1921) Annie Jashikoff i Katharina II (Centralteatret, 1925) Ellen i Flammedanserinnen av Ernst Bach og Franz Arnold (Centralteatret, 1927) Christina i Eventyreren foran porten av Milan Begovic (Centralteatret, 1929)
Filmar
1916 – Under Kjærlighedens Aag 1917 – Synd skal sones 1917 – Livets gøglespil 1917 – Hjertetyven 1936 – Vi vil oss et land... 1940 – Tørres Snørtevold 1941 – Hansen og Hansen 1943 – Sangen til livet 1943 – Den nye lægen 1944 – Kommer du, Elsa? 1946 – To liv 1948 – Trollfossen (film) 1949 – Svendsen går videre 1951 – Vi gifter oss 1956 – Kvinnens plass 1959 – Hete septemberdager 1960 – Venner (film) 1961 – Den store barnedåpen (TV) 1961 – Et øye på hver finger 1962 – Stompa & Co 1963 – Kranes konditori (TV) 1964 – Alle tiders kupp 1964 – Klokker i måneskinn 1965 – Hjelp – vi får leilighet!
Stipend og legat
1918: Kunstnarstipend på kr. 500,-
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Erna Schøyen» frå , den 19. november 2021.
Litteratur Jensson, Liv (1981). Biografisk skuespillerleksikon. Universitetsforl. s. 155. ISBN 8200056228.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Vågan Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Skodespelarar frå 1900-talet