Catherine Zeta-Jones () er ein britisk skodespelar.
Barndom Zeta-Jones voks opp i eit typisk arbeidarklasseområde i Swansea i Wales saman med to søsken. Foreldra var Patrick Jones, ein fabrikkarbeidar, og Dia Fair, som hadde irsk og katolsk bakgrunn. Ho fekk ei katolsk oppseding og gjekk på offentleg skule. Namnet har ho fått etter bestemødrene sine: ei heitte Catherine og den andre Zeta.
Karriere Zeta-Jones byrja skodespelarkarrieren sin i barndommen. Ho deltok i ein katolsk teatertrupp før ho hadde fylt 10 år, og i 1987 spelte ho i 42nd Street som Peggy Saywer ved West End i London. Deretter reiste ho til Frankrike, der ho fekk spelefilmdebuten sin med hovudrolla i filmen Sheherazade – les 1001 nuits, regissert av Philippe de Broca.
Zeta-Jones prøvde seg som musikkartist i 1992, men den eine singelen ho var med på å gje ut kom aldri inn på hitlistene. Gjennombrotet som skodespelar kom då ho spelte rollen som Mariette i den britiske TV-serien Livet med Larkins. Med dei amerikanske filmane Zorro – Den maskerte hevner (1998) med Antonio Banderas og Entrapment (1999) med Sean Connery vart ho òg kjend utanfor Storbritannia. Zeta-Jones vann ein Oscar for beste kvinnelege birolle for si rolle som Velma Kelly i filmmusikalen Chicago (2002). I 2009 debuterte ho på Broadway i musikalen Sommernattmusikk, som ho vann Tony-prisen og Drama Desk-prisen for beste kvinnelege hovudrolle for.
I tillegg til skodespelarkarrieren har Zeta-Jones jobba som talskvinne for mobiltelefonoperatøren T-Mobile, og ho er i dag global talskvinne for kosmetikkgiganten Elizabeth Arden.
Ved fødselsdagslista til dronninga for 2010 vart Zeta-Jones utnemnd til kommandør av Order of the British Empire for fortenester av filmindustrien og velgjerd.
Privatliv Zeta-Jones er gift med skodespelaren Michael Douglas. Dei gifta seg i New York 18. november 2000, og saman har dei to barn. Zeta-Jones er fødd på same dato som Douglas, men han er 25 år eldre enn henne. Den eldste av dei to barna, sonen Dylan Michael Douglas, vart fødd 8. august 2000. Medan ho gjekk gravid med han spelte Zeta-Jones inn filmen Traffic saman med Douglas. Dottera Carys Zeta Douglas vart fødd 20. april 2003. Zeta-Jones har uttalt at ho ønskjer at barna skal vera medvitne den walisiske bakgrunnen sin, og ho har bygd ein heim for familien i heimbyen sin Swansea.
Filmografi +Film og fjernsynÅrTittelRolleMerknad1990Sheherazade – les 1001 nuitsSheherazade 1991–1993Livet med LarkinsMarietteAlle episodar1992Christopher Columbus – EventyrerenBeatriz1993En arving for myeKittyThe Young Indiana Jones ChroniclesMaya1 episode1994The Cinder PathVictoria ChapmanMiniserieEn mann vender hjemEustacia VyeTV-film1995Blue JuiceChloe1996Katharina die GrosseKatarina IITV-filmFantomet – ånden som gårSalaTitanicIsabella ParadineMiniserie1998Zorro – Den maskerte hemnarEléna (De La Vega) Montero1999EntrapmentVirginia BakarHjemsøktTheo2000High FidelityCharlie NicholsonTrafficHelena Ayala2001America's SweetheartsGwen Harrison2002ChicagoVelma Kelly2003Sinbad: Legenden på de syv havMarinaStemmeIntolerable CrueltyMarylin2004TerminalenAmelia WarrenOcean's TwelveIsabel LahiriNominert – Critics' Choice Movie Award for beste skodespelarensemble2005The Legend of ZorroEléna (De La Vega) MonteroNominert – People's Choice Award for kvinnelege favorittactionstjerne2007Kjærlighet på menyenKate ArmstrongDeath Defying ActsMary McGarvie2009The ReboundSandy2012Lay the FavoriteTulip HeimowitzRock of AgesPatricia WhitmorePlaying for KeepsDenise2013Broken CityCathleen HostetlerSide EffectsDr. Victoria SiebertRed 2Katya Petrokovich2016Dad's ArmyRose Winters
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Catherine Zeta-Jones» frå , den 20. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Swansea Kategori:Tony Award-vinnarar Kategori:Walisiske skodespelarar