Ingrid Gjessing Linhave () er ein norsk programleiar, tilsett i NRK.Linhave, Ingrid Gjessing Pressemelding fra NRK
Linhave er utdanna fjernsynsregissør frå Høgskolen i Lillehammer. Saman med Solveig Kloppen var ho programleiar for andre sesong av Idol i 2004. Linhave delte i 2012 på programleiarjobben i Sommeråpent med Nadia Hasnaoui, og var òg programleiar i 2013. Hausten 2012 var Linhave programleiar for Nitimen på NRK P1 med Espen Thoresen. Hausten 2013 tok ho over etter Linn Skåber som fast paneldeltakar i Nytt på Nytt, der ho slutta i 2015.
I 2020 og 2021 var Linhave programleiar for Melodi Grand Prix saman med Kåre Magnus Bergh og Ronny Brede Aase.
Linhave er kusina til Anne Lindmo.
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Ingrid Gjessing Linhave» frå , den 23. november 2021.
Kategori:Folk frå Bergen Kategori:NRK-tilsette Kategori:Nytt på nytt Kategori:Melodi Grand Prix-programleiarar Kategori:Melodi Grand Prix Junior-programleiarar Kategori:Idol-programleiarar