Helene Olafsen () er ein norsk programleiar og tidlegare snøbrettkøyrar.
Karriere Olafsen er frå Oppegård og representerte Kolbotn IL. Ho var elev ved Wang Toppidrett i Oslo. I 2007, 16 år gammal, tok ho VM-bronse i snowboardcross.
I 2017 vann Olafsen den 13. sesongen av Skal vi danse saman med dansaren Jørgen Nilsen.Helene Olafsen (27) er vinneren av Skal vi Danse: – Jeg klarer ikke å forstå det! - TV2.no, lørdag 18. november 2017, hentet søndag 19. november 2017 Etter Skal vi danse vart Olafsen og Nilsen eit kjærastepar, og i 2019 trulova dei seg.VG.no (13. november 2019): Gravid Helene Olafsen og kjæresten Jørgen Nilsen setter bryllupet på vent, henta 6. desember 2019
I januar 2018 leia Olafsen Idrettsgallaen frå Hamar saman med Atle Pettersen og vart nominert til publikumsprisen under Gullruten 2018 for programmet. I februar 2018 var ho reporter og ekspert for Eurosport/TVNorge under snowboardsendingane frå vinter-OL i Sør-Korea og vart tilsett i TV 2 frå mars same år.
I 2018 tok Olafsen og Stian Blipp over Senkveld. Dei gav seg i 2021 og det vart kjent at Senkveld skulle leggjast ned etter 20 år på skjermen. Ho er ein av deltakarane i TV2 sitt nye underhaldingsprogram Norges nye megahit. Songen «Ludvig Daae», som Olafsen framførte i fyrste program, gjekk inn på toppen av den norske topp 50-lista på Spotify etter fire dagar.
Andre merittar
NM-gull i slopestyle 2007 Sølv i junor-VM big air Fyrsteplass i eit verdscuprenn i Leysin 2007: Juniorverdsmeister 2007: Femteplass i Winter X Game sitt 2007/2008: Nummer ti samanlagt i verdscupen i snowboardcross 2007/2008: Nummer fem samanlagt i verdscupen i snowboardcross (med 3 570 av i alt 4 160 poeng) 2009: Seniorverdsmeister 2009: Sølv i X-Games, snowboardcross 2010: Fjerdeplass i vinter-OL, snowboardcross
Deltakingar på fjernsyn
Spårtsklubben (2015-2017) Skal vi danse (med dansepartnar Jørgen Nilsen, 2017) Mesternes Mester (2017) Senkveld (programleiar, 2018‒2021) Idrettsgallaen (programleiar med Atle Pettersen, 2018) På tur med Dag Otto (2018) Norges nye megahit (2021)
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Helene Olafsen» frå , den 24. november 2021.
Kategori:Folk frå Oppegård Kategori:Norske snøbrettkøyrarar Kategori:Norske programleiarar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Snøbrettkøyrarar under vinter-OL 2010 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Snøbrettkøyrarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skal vi danse-deltakarar