Ugbad Mustafa Yusuf Noor () er ein norsk rappar og songar, kjend under artistnamnet Musti eller Mu$ti.

Musti vart kåra til årets nykommar under P3 Gull 2020 for debutalbumet Qoyskayga (somali for 'min familie') og EP-en Mellom høyblokkene som vart utgjeven same året. Ho vann to prisar under Spellemannprisen 2020: klassa hiphop for albumet Qoyskayga og klassa årets gjennombrot med Gramostipend. I tillegg var Musti nominert i klassa årets tekstforfattar for Qoyskayga. Ho fekk Oslo bys kunstnerpris for 2020 og vart nominert til Bendiksenprisen som vert delt ut av GramArt og Kulturdepartementet i 2021 og til Nordic Music Prize i 2021 for Qoyskayga.

Musti har somaliske foreldre og er oppvaksen på Tøyen i Oslo, Milton Keynes nord for London og i Somalia. Ho har fem brør og to systrer.dn.no: Mustis kamp mot tabuer

Diskografi Studioalbum Qoyskayga (2020)

EP-ar Mellom høyblokkene (2020)

Singlar «Gro Harlem Brundtland» (2020) «On the low» (2020)

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Ugbad Mustafa» frå , den 26. november 2021.

Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Nordmenn av somalisk opphav Kategori:Norske rapparar Kategori:Norske songarar