Renate Hansen Reinsve () er ein norsk skodespelar frå Solbergelva i tidlegare Nedre Eiker kommune. Reinsve vann prisen for beste kvinnelege hovudrolle på Filmfestivalen i Cannes i 2021 for si rolle i Joachim Trier sin filmkomedie Verdens verste menneske. Dette var hennar fyrste hovudrolle på filmlerretet.<ref>[https://www.aftenposten.no/amagasinet/i/dnkmpJ/det-er-ikke-saann-at-jeg-plutselig-dukket-opp-fra-ingenting Kjartan Brügger Bjånesøy: Det er ikke sånn at jeg plutselig dukket opp fra ingenting'''] - Intervju med Renate Reinsve i A-magasinet/Aftenposten 8. oktober 2021</ref>
Karriere
Utdanning og skodespelardebut Reinsve er utdanna ved Teaterhøgskolen (2013) og debuterte i Peer Gynt på Trøndelag Teater i 2014.
Prisar (utval) I 2014 vann Reinsve Heddaprisen for beste kvinnelege medspelar for rolla som lærar i oppsetjinga av Friedrich Dürrenmatt sitt Besøk av gammel dame, regissert av Tyra Tønnessen på Trøndelag Teater. I 2016 vart ho nominert til Amandaprisen for beste kvinnelege birolle i filmen Welcome to Norway.
Nesten voksen (2018) I 2018 hadde Reinsve ei av hovudrollene i situasjonskomedien Nesten voksen, som vart send på NRK.
Verdens verste menneske (2021) På Filmfestivalen i Cannes i 2021 fekk Reinsve sitt store gjennombrot som skodespelar, då hennar innsats som hovudrolleinnehavar i filmkomedien til Joachim Trier Verdens verste menneske vart hylla av både internasjonale og norske filmmeldarar. Filmen deltok i hovudtevlinga på Cannes-festivalen dette året. Filmmeldaren i den engelske avisa The Guardian, Peter Bradshaw, kalla prestasjonen hennar for «sublim», og avslutta si melding med å seia om Reinsve: «A star is born.» I eit intervju opplyste Reinsve at hovudrolla i filmen var skriven spesielt for henne. På den siste dagen under Cannes-festivalen vart Reinsve tildelt prisen for beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Julie.
Filmografi Renate Reinsve spelte si fyrste filmrolle i spelefilmen Oslo, 31. august, som hadde kinopremiere i 2011. Sidan har ho medverka i fleire andre filmar og TV-seriar:
2011: Oslo, 31. august (spelefilm) – som Renate. Regi: Joachim Trier. 2012: Kompani Orheim (spelefilm) – som Lene. Regi: Arild Andresen. 2015: Villmark 2 (spelefilm) – som Synne. Regi: Pål Øie. 2015: Mysteriet på Sommerbåten (TV-serie) – som ein aktuar. Regi: Hallvar Witzø. 2015: Kvinner i for store herreskjorter (spelefilm) – som Ane. Regi: Yngvild Sve Flikka. 2015: Skyggene av byen (kortfilm) - som Maria. Regi: Christoffer Wollebekk. 2016: Welcome to Norway (spelefilm) – som Line. Regi: Rune Denstad Langlo. 2017: Ekspedisjon Knerten (spelefilm) – som mora til Lillebror og Philip. Regi: Andreas J. Riiser. 2017: Små, søte kaker (kortfilm) – som Anne. Regi: Henry K. Norvalls. 2018: Nesten voksen (TV-serie) – som Siri. Regi: Thale Persen og Per Harald Kårstad. 2018: Roeng (TV-serie) – som Lena. Regi: Anne Bjørnstad, Eilif Skodvin og Tomas Solli. 2018: De Hensynsløse (kortfilm) – som Silje. Regi: Rikke Gregersen. 2018: Føniks (spelefilm) – som Kristin. Regi: Camilla Strøm Henriksen. 2018: Hvite gutter (TV-serie) – som Frida. 2020: The Affected (kortfilm) – som Rita. Regi: Rikka Gregersen. 2021: Verdens verste menneske (spelefilm) – som Julie (hovudrolle). Regi: Joachim Trier 2024: Håndtering av udøde (spelefilm) – som Anna. Regi: Thea Hvistendahl 2024: A Different Man (spelefilm) – som Ingrid. Regi: Aaron Schimberg 2024: Another End (spelefilm) – som Zoe / Ava. Regi: Piero Messina 2024: Armand (spelefilm) – som Elisabeth. Regi: Halfdan Ullmann Tøndel 2025: Affeksjonsverdi (spelefilm) – som Nora Borg. Regi: Joachim Trier
Referansar Denne artikkelen bygger på «Renate Reinsve» frå , den 28. november 2021.''
Kategori:Folk frå Nedre Eiker Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Skodespelarar ved Det norske teatret Kategori:Vinnarar av Heddaprisen Kategori:Vinnarar av Amandaprisen