Laura Elizabeth Ingalls Wilder () var ein amerikansk forfattar. Ho er best kjend for barnebokserien Huset på prærien (Little House on the Prairie), som er basert på hennar eigen barndom.
Laura Elizabeth Ingalls vart fødd den 7. februar 1867 i eit tømmerhus i skogane utanfor Pepin, Wisconsin av Caroline («Ma») Ingalls og Charles («Pa») Ingalls. Ho var det andre barnet i ein søskenflokk på fem; ho hadde fire sysken: storesøstera Mary Amelia Ingalls, lillesøstrene Carrie Celestia Ingalls og Grace Pearl Ingalls og ein lillebror, Charles Frederick Ingalls, som berre vart ni månader gammal.
Prærien og Det Indianske Territoriet Då Laura var eit år gammal bestemde far til Laura, Charles eller «Pa», seg for å selja garden dei budde på for å dra sørvestover til Kansas og det indianske territoriet, der det som skjedde i boka Little House on the Prairie fann stad. Dette er staden der Charles og Caroline fekk det tredje barnet sitt, Caroline «Carrie» Celestia.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 38 Men landet dei slo seg ned i var ikkje opna for innflytting enno, og rundt eit og eit halvt år etter at dei kom måtte dei flytte. I boka utgav ho seg for å vera seks/sju år gammal for å halda på kronologien i bokserien i og med at Little House on the Prairie var den andre boka i serien.
Det vesle huset i den store skogen Familien flytta då attende til Pepin i Wisconsin som var staden der handlinga i Lauras fyrste bok, Little House in the Big Woods, føregjekk. Hendingane i denne boka fann stad var ho tre år gammal, ikkje seks, som det står i boka. I tillegg til det som skjedde i boka, byrja Laura på skule. Som fireåring var ho den yngste eleven ved Barry Corner School.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 43-44
Walnut Grove, Minnesota og Burr Oak, Iowa På den sjuande fødselsdagen til Laura kryssa familien Lake Pepin, ein del av Mississippi-elva, for andre gong.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 47 Charles syntest det var kome for mange innflyttarar til «den store skogen». Han likte ikkje tanken på at ville dyr skulla leva i konstant frykt for menneske. Dessutan var det ikkje trygt å jakta med for mange folk i området, så Charles hadde på nytt avgjort å selja garden og dra vestover. Denne gongen enda dei opp langs med Plum Creek utanfor den sannsynlegvis meste kjende byen dei budde i (på grunn av TV-serien frå 1974-83), Walnut Grove i Minnesota. Først budde dei i ei jordhytte, men så bygde Charles eit trehus oppe på prærien.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 50 Laura byrja på skulen igjen og fekk nye vener og «fiendar» som Nellie Owens. (I boka On the Bank sin of Plum Creek heitte ho Nellie Oleson).Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 52-53 Opphaldet deira i Minnesota baud på mange utfordringar. Plankane Charles brukte for å byggja huset var kjøpt på kreditt og skulle nedbetalast når innhastinga av avlinga var ferdig. Då kom det ei sky av grashopper som åt opp all avlinga. Dette førte til at Charles måtte gå til fots meir enn 200 mile (ca. 320 kilometer) for å finna ein jobb som han kunne bruka til å nedbetala det han skulda.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 58 Nokre månader etter, den 1. november 1875, blei veslebroren til Laura, Charles Frederick, fødd. Året etter kom grashoppene tilbake for andre gong.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 59 Charles fekk nok og flytta familien først til South Troy i Minnesota, der nokre slektningar av Laura budde.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 62-63 Der døydde veslebroren til Laura, berre ni månader gammal.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 64 Deretter tok Charles seg ein jobb på eit hotell i Burr Oak i Iowa, og vart der i eitt år. Den yngste systera til Laura, Grace Pearl Ingalls, vart fødd her.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 72-73 Då familien hadde budd i Iowa i eitt år, flytta dei tilbake til Walnut Grove. Laura tok seg jobb som kelner i eit nytt hotell i Walnut Grove, og då ho byrja på skulen der igjen, møtte ho for fyrste gong Genevieve Masters, som i to av Lauras bøker òg gjekk under namnet "Nellie Oleson".Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 81 I tillegg vart Mary sjuk av skarlaksfeber og etterkvart òg heilt blind.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 84
Dakota-territoriet Kort tid etter byrja ein periode av Laura sitt liv som ho skildra i By the Shores of Silver Lake. Denne perioden fann stad mellom 1879 og 1880. Charles vart tilboden ein jobb for jernbana gjennom systera Docia (Laura Ladocia Waldvogel Forbes), som han takka ja til. Dermed la han ut på reise til det søraustlege Dakota-territoriet (i dag kjent som Nord- og Sør-Dakota) der han var ansvarleg for å betala ut løna til dei som bygde jarnbana. Charles drog ut seint på våren, men fordi Mary ikkje var vorten ordentleg frisk enno og dermed for svak til å kunna reisa, kom resten av familien først ut på hausten.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 87-88 Då vinteren kom og jarnbanebyggjarane var ferdige med jobben, flytta familien til husa til bygningsinspektøren og overvintra der. Staden dei no var komne til, vart heitande De Smet, og då våren kom, skaffa Charles seg først ei tomt i den nye byen som dei først budde i, deretter eit gardsbruk ca. 1,6 kilometer sør for byen. Dette skjedde våren 1880.
Den neste perioden i Lauras liv skildra ho i boka The Long Winter. Dette var ein av dei aller vondaste vintrane i Dakota-historia til området. Vinteren varte frå oktober til april, med snøstormar som var så kraftige at skulen måtte haldast stengt store delar av vinteren. Dei dagane det var skule møter Laura for fyrste gong på Minnie Johnson og Mary Power, som ho òg møter i dei to neste bøkene til Laura.
Den neste delen av livet hennar er godt dokumentert. Boka Little Town on the Prairie følgjer Laura og familien hennar frå våren 1881 til julaftan i 1882. Her tek Laura seg jobb som sydame i byen Dei Smet. Laura og Carrie byrjar for alvor på skulen i De Smet og vert blant andre kjent med gode venninner som Minnie Johnsen, Mary Power og Ida Brown, og uvenner som Miss Wilder (lærarinne til Laura) og Genevieve Masters som ho kjende frå sitt siste opphald i Walnut Grove. Mary vert send på skule for blinde i Iowa, og Laura møte den kommande ektemannen sin, Almanzo Wilder.
I Laura si åttande bok, som var den siste som vart utgjeve før ho døydde, These Happy Golden Years, byrjar Laura å jobba som lærer. Ho var alt anna enn komfortabel med det fordi ho ikkje likte å vera saman med framande og fordi det var den fyrste perioden i livet hennar som ho budde borte frå foreldra sine. Dette skjer samstundes som hennar eigen skulegang held fram i De Smet. Almanzo forelskar seg i Laura og fraktar ho fram og attende mellom De Smet og skulane ho jobbar i (på den tida jobba ein som regel berre i cirka to/tre månader om gongen på det meste, og for Lauras del var det fleire månader mellom kvar gong ho jobba som lærer) uansett kor langt og kor kaldt det var. Handlinga i boka baserer seg på ein periode på tre år og vert avslutta den 25. august 1885 då Laura og Almanzo vart gifte.
Ekteskap og åra etter høgre|mini|Laura og Almanzo Wilder, 1885 Laura og Almanzo møtte på store utfordringar, særleg i dei fyrste åra sine som ektepar. Dei fekk ei dotter, Rose Wilder Lane, i 1886. Feilslegne avlingar, økonomisk depresjon (eller «panikk» som dei kalla det), tornadoar og at huset deira brann var nokre av problema dei hadde. Almanzo vart delvis lam då han fekk ei alvorleg form for difteri. I august 1889 fødde Laura ein son. «Han ser ut som Manly,» sa Grace. (Manly var kallenamnet Laura brukte om Almanzo). Kort tid etter daude den nyfødde sonen. Desse prøvingane står skildra i den siste boka i Little House-serien, The First Four Years. Dette er ei bok Laura skrev eit utkast til, men som ho sannsynlegvis mista interessa for å gjera ferdig då Almanzo døydde i 1947. Boka er vorten utgjeven, slik Laura skreiv henne, i 1971, etter at dottera Rosa Wilder Lanes døydde i 1968.
No byrja ein periode av livet der Laura, Almanzo og Rose flytta omkring i USA på berre nokre få år. I 1890 drog dei austover til Spring Walley i Minnesota.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 139 Der budde dei saman med Almanzo sine foreldre og slektningar. Dei budde der i over eit år. Peter Ingalls, fetteren til Laura, flytta då ned til Florida. Laura og Almanzo gjorde det same fordi klimaet der var betre for helsa til Almanzo. Dei vart ikkje verande der så lenge; naboane såg på Laura som ein «up-North-galning», og heller ikkje kona til Peter likte ho så godt. Laura sakna prærien, og i 1892 flytta dei tilbake til De Smet. Der tok Laura seg arbeid som sydame medan Almanzo verka som lausarbeidar. Dette gjorde dei i voner om at dei på nytt skulle kunna starta ein gard.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 140
Mansfield i Missouri I 1894 flytta familien ein siste gong, denne gongen til Mansfield i Missouri, til ein gard som var 0,2 kvadratkilometer stor.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 145-146 Dei kalla garden Rocky Ridge Farm, for det var mykje stein på tomta. 20 år seinare hadde garden vakse til å verta ein mjølke- og fruktgard på 0,8 kvadratkilometer. Eit tømmerhus som dei bygde, vart etterkvart erstatta av ein ti-roms gardshus og andre bygningar. Etterkvart som åra gjekk, byrja Laura å skriva korte innlegg til eit magasin som heitte Ruralist. I 1916 var Laura med på å oppretta ei gruppe som heitte The Athenians.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 184 Føremålet med gruppa var å utvikla venskap og røynsler innanfor emne som f. eks utdanning. Målet var å få bygd eit fylkesbibliotek. Laura bidrog med å skriva ein klubbsong og reportasjar. Ein gong kjøpte Rose ein bil i gåve til Papa (Almanzo) og Mama Bess (Laura). Det var ein 1923-modell Buick. I 1925 la familien ut på ein biltur til California.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 190 Dette skulle vekka skriveviljen til Laura til live igjen. Laura hadde slutta å skriva for The Ruralist, og då dei kom heim frå California hjelpte Rose Laura med å skriva to artiklar til The Country Gentleman. Rose var ivirg etter å læra Laura å skriva liknande artiklar til høgtbetalande blad fordi Rose meinte at dette ville vere Laura sin sjanse til å tene gode pengar. Dette varte fram til 1926 då Rose byrja med språkstudium og flytta heim frå til Paris og Tirana, hovudstaden i Albania.
I 1928 kom Rose tilbake. No innsåg ho at gardsarbeidet for foreldra hennar vart for tøft for dei og at det var på tide at dei trekte seg tilbake. Det året bygde Rose eit heilt nytt hus som stod ferdig i desember 1928. Kort tid etter at dei flytta inn i det nye huset betalte Laura og Almanzo det siste dei skulda pengar til. «No er denne staden vår,» erklærte dei. Rose heldt til i det gamle huset deira. Då tenkte Laura på å skriva ein sjølvbiografi. Ho tenkte over barndomen ho hadde i skogen på prærien med Charles, Caroline og systrene Mary, Carrie og Grace. Det ho opplevde kunne ikkje opplevast på den tida dei no levde i, for på 50 år var kolonigrensene borte. Laura tenkte at opplevingane hennar var for gode til å verta borte og sa at «Det var historier som måtte forteljast.» Dette førte til at ho byrja å skriva ned historia si i ei blå linjert skrivebok. Manuskriptet fekk namnet Pioneer Girl – 'Pionerjente'. Ho gav manuset til Rose som reinskreiv det på maskin. Då det varet gjort sende Rose teksta til George Bye, Rose sin agent som tok seg av verka til Rose i voner om å få selt det til eit forlag. Sjølv om alle var samde i at det var ei interessant amerikansk historie, var det ingen som ville kjøpa henne. Då tok Rose med seg manuskriptet til New York for å prøva å selja det til nokre magasin, men fekk på nytt avslag. Nokon vener i San Francisco høyrde om manuset. Dei jobba med å illustrera barnebøker og tenkte at Pioneer Girl ville vore ein god barnebok. Igjen vart manuset sendt frå forlag til forlag til det til slutt enda opp hos Harpar & Brothers som fatta interesse.Laura Ingalls Wilder: A Biography, side 194
Little House-bøkene vert utgjevne