«La venda» (norsk omsetjing 'bindet for auga') er ein spansk song som vert framført av den spanske songaren Miki. Han er skriven av Adrià Salas og var eitt av ti deltakarbidrag i den spanske songtevlinga Operación Triunfo på RTVE 20. januar 2019. «La venda» vann Operación Triunfo med 34 prosent av røystene og var det spanske bidraget til finalen i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv laurdag 18. mai. I finalen enda songen på 22. plass av 26 deltakarar og fekk 54 poeng.
Studioversjonen vart utgjeven 7. mars 2019. Den offisielle musikkvideoen er regissert av Adrià Pujol og Fèlix Cortés, og vart spela inn 13. februar 2019 på antikkmarknaden Mercantic i Sant Cugat del Vallès.
Listeplasseringar Liste (2019)Høgaste plassering (PROMUSICAE)13
Referansar
Denne artikkelen bygger på «La venda» frå , den 1. desember 2021.
Kategori:Spanskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Spanske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-songar