Toni-Ville Henrik Virtanen (), best kjend som Darude, er ein finsk DJ og plateprodusent. Han byrja å lage musikk i 1995 og gav ut det platina-seljande hitsingelen «Sandstorm» i 1999. Debutalbumet hans, Before the Storm, vart sloppe 18. september 2000 og selde 800 000 eksemplar verda over. Darude mottok òg tre finske Grammy-prisar for debutalbumet. Det toppa den offisielle albumlista i Finland, og nådde ein sjetteplass på Billboards Dance/Electronic Albums-lista i USA. Det andre studioalbumet til Darude, Rush, nådde ein ellevteplass på Billboards dance-liste i 2003 og ein fjerdeplass på den finske albumlista.

Det tredje studioalbumet hans, Label This!, vart gjeve ut i 2007. Sjølv om han ikkje fekk ein like stor listesuksess som dei føregåande albuma, fekk singelen «In the Darkness» rosande omtale av musikkbloggen Gawker, og kalla den eit «flytande, fengslande stykke trancemusikk». I 2011 var han med på å starta platemerket EnMass Music, der han har gjeve ut ei rekkje miks-samlingar i tilknyting til radioprogrammet hans, Salmiakki Sessions. Etter å ha opptredd på festivalar som Tomorrowland i 2014 og Future Music Festival i 2015, gav han ut sitt førebels siste studioalbum, Moments, 14. august 2015, etterfølgd av ein turné i USA og Canada same haust. Musikken hans vert gjerne karakterisert som «progressiv og oppløftande».

Darude representerte Finland i Eurovision Song Contest 2019 med låten «Look Away», saman med Sebastian Rejman.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Darude» frå , den 7. desember 2021.

Kategori:Finske musikarar Kategori:Finske låtskrivarar Kategori:Finske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Finske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-låtskrivarar Kategori:Deltakarar i OGAE Second Chance Contest