høgre|mini| Gesta Danorum (Angers-fragmenten), frå førstesida. Gesta Danorum eller Danenes bedrifter er eit verk av den danske mellomalderskrivaren og historikaren Saxo Grammaticus (Saxo den lærde) som tek for seg dansk historie. Verket er difor òg kjent som Saxos Danmarkshistorie, Saxos Danmarkskrønike, Danmarks Riges Krønike eller Saxos Krønike. Verket blei skrive på klosteret i Sorø i Danmark. Gesta Danorum er det mest ambisiøse litterære verket i dansk mellomalder om dansk historie. Det er den viktigaste kjelda til Danmark si eldste historie, og bidrog til å definera identiteten til nasjonen. Det er òg eit av dei eldste kjende skriftlege dokumenta som omtalar historia til Estland og Latvia.«Crusaders on the Baltic Shore – The Livonian & Estonian Crusades (c. 1198 – 1290)», The Postgrad ChroniclesMuceniecks, Andre (2017): Saxo Grammaticus: Hierocratical Conceptions and Danish Hegemony in the Thirteenth Century, SD LLC, s. xii

Verket består av seksten handskrivne bøker på latin, framstilt på oppmoding frå Absalon, erkebiskop i Lund. Gesta Danorum skildrar dansk historie, og til ei viss grad òg skandinavisk historie, frå ei legendarisk forhistorie som byrjar med sogekongen Dan og går fram til 1185. Ho sluttar med at Danmark overvinn vendarane, eit slavisk folk i sør. I tillegg gjev Gesta Danorum enkelte refleksjonar kring europeiske affærar i mellomalderen frå eit unikt skandinavisk perspektiv, som kjem som eit tillegg til det som er overlevert frå samtidshistorikarar i Vest- og Sør-Europa.

Skildring av verket høgre|mini|Omslaget til Christiern Pedersen si utgåve, Paris 1514 Verket skildrar i 16 bøker på latin tida som strekkjer seg frå sogekongen Dan til Knut VI, og blir avslutta med at vendarane blir overvunne i 1185. Verket er skrive i eit sprudlande og underhaldande språk, stort sett i prosa, men med innslag av poesi.

Saxo si soge om danane er sett saman frå kjelder av tvilsam historisk verdi. Han har lytta til munnlege forteljingar frå islendarar, lånt frå gamle verk, tekstar inngravert på stein, og utsegner frå vernaren sin, erkebiskop Absalon, om den delen av historia som erkebiskopen sjølv hadde vore ein del av. Verket til Saxo var ikkje eit reint historieverk eller ei enkel nedteikning av gamle forteljingar, men var heller «et produkt av Saxos eget sinn og tid».Friis-Jensen (2006), s. 198 Han kombinerer historie og mytologi om den forhistoriske tida til Danmark og omarbeidde det til si eiga, personlege forteljing om fortida til danane.Westergaard (1952), s. 168

Dei 16 bøkene kan delast i to delar. Dei første 9 bøkene handlar om sogetida og fortel om rundt 60 sogekongar. Desse bøkene byggjer truleg på skriftlege kjelder. Blant anna må Saxo ha hatt tilgang til ei latinsk utgåve av Skjöldunga saga og ei utgåve av Den angelsaksiske krønika. I slutten av bok 8 må han ha støtta seg på skriftlege kjelder som Adam av Bremen, Roskilde-krønika og dessutan Sven Aggesen sin Danmarkshistorie. Bok 9 sluttar med Gorm den gamle og representerer såleis den første faktiske dokumenterte kongen av Danmark. Bok 10 til 13 handlar om tida frå Harald Blåtann og opp til midten av 1100-talet. Den lange bok 14 og den korte bok 15 skildrar borgarkrigstida og styret til Valdemar den store.

Dei fire første bøkene strekkjer seg frå grunnlegginga av det danske folket ved kong Dan og tek for seg dansk historie frå tida før Jesus Kristus. Faktisk var det andre samtidige kjelder som hevda at Skjold var den første kongen av Danmark, fremja av blant anna Sven Aggesen, ikkje kong Dan som Saxo medvite favoriserte. Dei neste fire handlar om historia til danane etter Kristus. Bøkene 9 til 12 om det kristne Danmark, og 13-16 fremjar Lund (som den gongen var ein del av Danmark, ikkje Sverige) og handlingane tidleg før og under Saxo si eiga levetid.Christiansen (1981), s. 383 Ein går ut frå at dei siste åtte bøkane blei skrivne først, då Saxo støtta seg tungt på Absolons utsegn om tidsalderen til Knut den heilage og Valdemar den store då erkebiskop Absalon døydde i 1202 før verket var fullført.

Dei fire første bøkene deler ein viss likskap med tekstene til den samtidige islenderen Snorre Sturlason. Dei inneheld begge mytiske element slik som kjempene i tidlegare tider og den norrøne gudeverda.Dumézil (1973), s. 78-79 Saxo framhevar på alle område verdien av nordisk kultur og dei folkelege oppfatningane som han forsvarar ved retorisk å spørja kven som skal ha bygd «jættestuer» (ganggraver) og dyssekammer som ein fann i det danske landskapet om det ikkje var nettopp dei kjempene som den folkloristiske overleveringa fortalde om.Warring, Ellen: «Tilsyn med fredede fortidsminder» (PDF), Odense Bys Museer Saxo fortel at kong Dan, den første kongen i Danmark, hadde ein bror kalla Angul som gav sitt namn til folket anglarane (som igjen gav namn til England).Jones (1968), s. 44 Han fortel òg om ulike danske heltar der mange av dei har samhandling med dei gamle norrøne gudane. Saxo sine «heidenske» gudar er ikkje alltid gode figurar. Dei var tidvis forræderske slik som i forteljinga om Harald Hildetann, den legendariske kongen til danane, som lærte krigføring av Odin, men deretter blei forrådt og drepen av guden som då kunne føra han til Valhall.Jones (1968), s. 53

Føremålet med verket Saxo fortel i forordet til Gesta Danorum om føremålet sitt med det:

Erkebiskop Absalon kunne ikkje lenger akseptera at det ikkje fanst ei skriftleg dansk historie og la difor oppgåva på skrivaren sin Saxo, «hans mest uverdige tenar». Samanlikna med andre nasjonar stod dei danske storverka dårleg fram så lenge nasjonen ikkje hadde eit litterært monument.

Årsaka til at kyrkja ville betala for å skaffa eit verk som Gesta Danorum var at ein ville understreka sjølvstendet til Danmark, og dermed understøtta sjølvstendet til den danske kyrkje til spesielt Det heilage romerske riket av den tyske nasjonen og dei mange motpavane. Det var ein klar reaksjon mot tilhøva under den danske borgarkrigen, som den tysk-romerske keisaren hadde gripe inn i ved skiftvis å støtta den eine av ulike kongsemne. Dette førte til Danmark blei delt i to og i 1157 i heile tre deler.

Under borgarkrigen blei den danske kyrkja ei lydkyrkje under den tyske keisaren som var i opposisjon til paven i Roma. Verket kan oppfattast som eit mottrekk mot Adam av Bremen, som forfekta interessene til det hamburgske erkebispesetet (framfor erkebispedømet i Lund), sjølv om Adam av Bremen viste seg å vera svært danskvenleg i teksten sin, og uttrykte ein hard dom over den avdøde arbeidsgjevaren sin erkebiskop Adalbert av Hamburg-Bremen. I ein kulturell samanheng var det viktig å visa at danskane var eit gammalt kulturfolk som til trass for den seine overgangen sin frå heidenskap til kristendom var ein naturleg og viktig del av den vesteuropeiske katolske kulturkrinsen.Andersen, Kasper Holdgaard (2011): «Saxo Grammaticus og Gesta Danorum», Danmarkshistorien.dk

Verket har òg eit pedagogisk og oppdragande føremål: ideala i fortida blir sette i kontrast til blautleiken i samtida. Saxo argumenterer for nytta av tvikamp framfor eidar som bevis, ettersom eidar kan vera falske, medan tvikamp aldri kan skada den udøyelege sjela, men berre den jordiske lekamen.Brandt, Troels (2004): Danernes Sagnhistorie. Saxos sagn i sagaernes kronologi (PDF), København: Gedevasens Forlag, ISBN 87-990289-0-5, s. 77, 86, 103, 113, 122, 133 etc på «tvekamp»

Tydinga til verket høgre|mini|Saxo, kunstnarisk framstilling av den norske illustratøren Louis Moe. Nokre delar av Gesta Danorum danna grunnlaget for William Shakespeare sitt skodespel Hamlet. Truleg las Shakespeare aldri sjølv verket, men hadde i staden tilgang til ei gjenfortald eller munnleg utgåve av forteljinga Amletus (dansk Amlet, Amleth eller Amled) som skildra undergangen til prinsen av Danmark.Muir (1984), s. 370Skovmand, Michael (1. februar 1992): «Verdens bedst kendte dansker – Hamlet er så levende som aldrig før», kronikk i Århus Stiftstidende Namnet Hamlet er eit anagram av Amleth. Saxo sin versjon, fortald i bok 3 og 4, er svært lik den i Shakespeare sitt skodespel. I Saxo-versjonen blir to brør, Orvendil og Fengi, gjevne styringa over Jylland av danskekongen Rorik. Kort tid etter giftar Orvendil seg med kong Rorik si dotter Geruth (Gertrude i Hamlet). Amleth er deira einaste barn. Fengi blir harm over ekteskapet til broren, og ynskjer òg eineherredøme over Jylland. Derfor drep han Orvendil. Etter ei kort tid med sorg giftar Fengi seg med Geruth, og erklærer seg som eineherskar over Jylland. Til slutt hemnar Amleth mordet på far sin og planlegg å drepa onkelen sin for å bli den nye og rettmessige konge over Jylland. Saxo fullførte denne forteljinga med forordet som hans skrev heilt til sist, ein gong rundt 1216, då vernaren hans var Anders Sunesen som erstatta Absalon som erkebiskop i Lund.Davidson (1980), s. 12 I forordet retta Saxo ein varm takk til begge erkebiskopane og den regjerande kongen Valdemar Siger.Fisher (1979 ), bind 1, s. 1

Den historiske verdien av den eldste delen av verket står og fell med verdien av dei kjeldene som Saxo baserte si forteljing på. Han gjer historiske personar frå desse kjeldene identiske, sjølv om tidsforskjellen åleine utelukke at dei kan ha hatt noko med kvarandre å gjera. Forklaringa er truleg at Saxo følte at han måtte levera ei samanhengande skildring av Danmarks historie frå dei eldste tidene. Det meste opplagte dømet her er at dronning Thyra sin far visstnok skulle vera kong (H)athelradus eller Ethelred av England, som ein veit var samstundes med Thyra sitt barnebarn og oldebarn. Så sant Saxo ikkje meiner Ethelred av Wessex, kan namnet ha oppstått ved ei kanskje medviten feillesing av (Cl)acharaldus, som svara til Klakharald i Skjoldungesoga. Det kan ikkje vera tvil om at Frode Fredegod (eigentleg namnet på ei rekkje danske sogekongar som gav fred) i Saxo si litterære framstilling er basert på og utforma etter mønster av Augustus. Dei er begge universelle herskarar som skapar fred og samtidige med den beboda Kristus. Frode sitt rike er ein parallell til det til Augustus, den første herska over Austersjøen og Nordsjøen medan Augustus var herskar over landa rundt Middelhavet.Mortensen, Lars Boje (1987): «Saxo Grammaticus' View of the Origin of the Danes and his Historiographical Models» (PDF) i: Cahiers De L'institut Du Moyen-age Grec Et Latin, 55, s. 169-183

Det er store skilnader mellom Saxo sitt verk og dei islandske og norske kjeldene, og dei til den samtidige danske Sven Aggesen. Skilnaden er ofte resultatet av Saxo si dikting og hans eigen agenda.Muceniecks (2017), s. 175 Framstillinga hans av forteljinga om Tyra er til dømes langt meir fantastisk enn det Sven Aggesen presenterer, og for desse omarbeidingane og diktinga har historia til Saxo ofte blitt kritisert.Sawyer (1982), s. 14-16

Gesta Danorum stila seg til den høgmellomalderske eliten som kunne lesa latin, men sjølv innanfor dette avgrensa publikummet er det usikkert kor utbreidd verket var i samtida. Derimot blei det ei viktig kjelde for seinare dansk historisk litteratur. Det blei gjenoppdaga i 1514, og den første utgåva omsett til dansk kom i 1575. Deretter fekk det stor merksemd og fleire omsetjingar. N.F.S. Grundtvig gjorde si eiga originale gjendikting, og ei rekkje danske nasjonaldiktarar har late seg inspirera av dei forhistoriske mytane og segnene. Berre eit mindretal av framstillingane av den danske historia har klart å ignorera segnkongar som Uffa hin Spage, Rolf Krake og Ragnar Lodbrok som hovudsakleg er kjende frå teksten til Saxo.

Kjelder og forbilde Verket er forfatta på eit lærd, ordrikt og særs velskrive latin. Saxo skreiv på sølvalderlatin, ein type latin som romarane nytta rundt år 0 eller på Augustus si tid. Denne forma for latin var markant forskjellig frå det latinske skriftspråket som elles var nytta i mellomalderen. Inspirasjon frå antikken var ein generell tendens i samtida der dei antikke forfattarane fungerte som stilistiske forbilde.