«Growing Up Is Getting Old» (norsk 'å veksa opp er å verta gammal') er ein song frå 2021 med den bulgarske songaren og låtskrivaren Victoria. Songen vart utgjeven 26. februar 2021 og var det bulgarske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.
Om songen «Growing Up Is Getting Old» er skriven av artisten Victoria saman med Helena Larsson, Maya Nalani, Oliver Björkvall frå låtskrivarselskapet Ligna Group & Ostero Limited. Songen vart fyrst gjeven ut som del av EP-en A Little Dramatic 26. februar 2021, og som singel 19. mars same år.
Eurovision Song Contest «Growing Up Is Getting Old» var det bulgarske bidraget i Eurovision Song Contest 2021, etter at Victoria vart internt vald av Bulgarias nasjonale televisjon (BNT) til å representere landet i tevlinga. Victoria skulle ha representert Bulgaria i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. I staden vedtok BNT at ho skulle få representere landet i 2021. Songen vart kunngjord som det bulgarske bidraget 10. mars.
Bulgaria deltok i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland torsdag 20. mai. Der vart songen nummer tre og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai. I finalen var Bulgaria det 17. landet på scena. Til slutt enda songen på ellevteplass med 170 poeng.
Listeplasseringar Liste (2021)Høgaste plasseringLitauen (AGATA)67Nederland (Single Tip 30)4Sverige (Sverigetopplistan – Heatseaker)16
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Growing Up Is Getting Old» frå , den 11. desember 2021.
Kategori:Bulgarske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar