Moa Høgdahl () er ein norsk handballspelar frå Trondheim. Ho er rykkromspelar og vart verdsmeister 2021 med Noregs landslag. Högdahl, som sidan 2018 har spelt for danske Viborg HK, er dotter til Mia Hermansson Högdahl.

Karriere Klubbspel Högdahl var aktiv i Strindheim IL fram til 2014. Perioden 2014-18 spelte ho for toppserielaget Byåsen IL. Sidan 2018 har ho hatt kontrakt med den danske toppklubben Viborg HK.

Landslagsspel Högdahl fekk sin landslagdebut 30. mai 2018. Ho var med i troppa til verdsmeisterskapen 2019 og på ny til VM 2021. I den siste meisterskapen sigra Noreg over Frankrike i finalen. Högdahl fekk heller lite speletid i begge desse meisterskaps-turneringane. Per 1.1.2022 står ho med 36 landskampar og 39 mål.

Merittar landslag VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike

Kjelder

handball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball