Eva Magdalena Andersson () er ein svensk økonom og politikar frå Uppsala. Ho var den fyrste kvinnelege statsministeren i Sverige, og regjerte frå 30. november 2021 til 18. oktober 2022. Tidlegare var ho finansminister frå 2014 til 2021.

Bakgrunn Andersson er utdanna i økonomi ved Handelshögskolan i Stockholm og busett i byen. Perioden frå 1996 til 2004 var ho tilsett i det sentrale statsapparatet. Frå 2004 var ho i to år statssekretær i Finansdepartementet og deretter rådgjevar for leiaren av Sosialdemokraterna. Frå 2009 til 2012 var Andersson övedirektör i Skatteverket.

Politikar Ved riksdagsvalet 2014 vart ho vald inn i Riksdagen frå Stockholms län. Då Stefan Löfven danna regjering 3. oktober 2014 vart Andersson finansminister.

Den 4. november 2021 vart ho vald til partileiar for Sosialdemokratane, etter at Stefan Löfven gjekk av som partileiar. Andersson vart dernest vald til statsminister den 30. november 2021, og leia ei rein sosialdemokratisk mindretals-regjering.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Magdalena Andersson» frå , den 11. januar 2022.

Kategori:Svenske statsministrar Kategori:Svenske politikarar