Hindi har eit lite kasussystem, med to-tre kasus. Verbbøyinga er større, med fleire grammatiske kategoriar. Samanlikna med andre indoeuropeiske språk er hindi midt på treet, med mindre bøyingsmorfologi enn språk som sanskrit, latin og norrønt, men meir enn i moderne norsk.
Eit av dei mest slåande trekka ved hindi er den utstrakte bruken av særskrivne postposisjonar.
Substantiv og adjektiv
Substantiv i hindi blir bøygd i tre grammatiske kasus, nominativ, akkusativ og vokativ. Dei blir bøygd i numerus, med trekka singularis og pluralis.
Hindi bruker postposisjonar, som fungerer på den same måten som preposisjonar bortsett frå at dei kjem etter substantivet og ikkje føre. Substantiva står i oblik kasus når dei har postposisjonar. Hindi har seks viktige enkle postposisjonar:
ne er brukt for å visa gjeraren, særleg i fortid med transitive verb. आदमी ने दूध पीया ādmī ne dūdh pīyā (bokst: mann NE mjølk drakk) Mannen drakk mjølka.
ko er brukt for å visa direkte og indirekte objekt, særleg viss dei har liv, rører på seg eller er abstrakte omgrep. Ein plar ikkje bruka postposisjon med andre direkte og indirekt objekt. बच्चे को दूध दीजिए Bacce ko dūdh dījie (bokst: barn KO mjølk gje) [Ver venleg å] gje mjølk åt barnet!
se er brukt på mest den same måten som «frå», men som alle postposisjonar kjem han etter substantivet. se er også brukt for å samanlikna to substantiv, som «enn» på norsk. आदमी से दूध लीजिए ādmī se dūdh lījie (bokst: ‘mann frå mjølk ta’) Ta mjølka frå mannen
meṃ kan tyda «i» eller «inn i». मकान में सात कमरे हैं Makān meṃ sāt kamre haiṃ. (bokst: Hus i sju rom er.) Det er sju rom i huset, eller huset har sju rom.
par er brukt på mest den same måten som «på», men blir òg nytta for å visa tidspunktet som ei hending skjedde rett etter. बिल्ली छत पर है billī chat par hai (bokst: katt taket på er) katten er på taket
kā er brukt for å visa eigaren. Hindi har ikkje genitiv, og eigetilhøve blir uttrykt med possessivpartilkelen kā: उस आदमी का बेटा विद्यार्थी है Us ādmī kā beṭā vidyarthī hai. bokst.: den mann KA son student er. Strukturen kan samanliknast med garpegenitivkonstruksjonen: «Den mannen sin son er student».
Verb
Hindi har eit rikt system av hjelpeverb.
Konjugasjon
Tabellen nedanfor viser bøyinga av verbet करना / کرنا / karnā «å gjere» i indikativ. Rota av करना / کرنا / karnā er कर / کر / kar. Den andre kolonnen viser konjugasjon i andre person med तुम / تم / tum. For å bøye verbet med तू / تو / tū må ein bruke forma i 3sg, og for å bøye verbet med आप / آپ / āp må ein bruke forma i 3pl.
Enkel presensFørste personAndre personTredje personMask. Sing.करता हूँ / کرتا ہوں / kartā hūⁿकरते हो / کرتے ہو / karte hoकरता है / کرتا ہے / kartā haiMask. Pl.करते हैं / کرتے ہیں / karte haiⁿकरते हो / کرتے ہو / karte hoकरते हैं / کرتے ہیں / karte haiⁿFem. Sing. करती हूँ / کرتی ہوں / kartī hūⁿकरती हो / کرتی ہو / kartī hoकरती है / کرتی ہے / kartī haiFem. Pl. करते हैं / کرتے ہیں / karte haiⁿकरती हो / کرتی ہو / kartī hoकरती हैं / کرتی ہیں / kartī haiⁿPresens imperfektumFørste personAndre personTredje personMask. Sing.कर रहा हूँ / کر رہا ہوں / kar rahā hūⁿकर रहे हो / کر رہے ہو / kar rahe ho कर रहा है / کر رہا ہے / kar rahā haiMask. Pl.कर रहे हैं / کر رہے ہیں / kar rahe haiⁿ कर रहे हो / کر رہے ہو / kar rahe ho कर रहे हैं / کر رہے ہیں / kar rahe haiⁿFem. Sing.कर रही हूँ / کر رہی ہوں / kar rahī hūⁿकर रही हो / کر رہی ہو / kar rahī hoकर रही है / کر رہی ہے / kar rahī haiFem. Pl.कर रहे हैं / کر رہے ہیں / kar rahe haiⁿकर रही हो / کر رہی ہو / kar rahī hoकर रही हैं / کر رہی ہیں / kar rahī haiⁿPresens perfektumFørste personAndre personTredje personErstatt det andre hjelpeverbet रहा / رہا / rahā - रही / رہی / rahī - रहे / رہے / rahe i presens imperfektum med hjelpeverbet चुका / چکا / cukā - चुकी / چکی / cukī - चुके / چکے / cukeeller med लिया / لیا / liyā - ली / لی / lī - लिये / لیۓ / liye. Det tredje hjelpeverbet må bli behalde. Ein del andre hjelpeverb kan også stå i posisjonen til det andre hjelpeverbet.Enkel preteritumFørste personAndre personTredje personErstatt hjelpeverbet हूँ / ہوں / hūⁿ - हो / ہو / ho - है / ہے / hai - हैं / ہیں / haiⁿ i enkel presens med hjelpeverbet था / تھا / tʰā(mask. sing.) - थे / تھے / tʰe (mask. pl.) - थी / تھی / tʰī (fem. sing.) - थीं / تھیں / tʰīⁿ (fem. pl.)۔preteritum imperfektumFørste personAndre personTredje personErstatt det tredje hjelpeverbet हूँ / ہوں / hūⁿ - हो / ہو / ho - है / ہے / hai - हैं / ہیں / haiⁿ frå presens imperfektum med hjelpeverbet था / تھا / tʰā(mask. sing.) - थे / تھے / tʰe (mask. pl.) - थी / تھی / tʰī (fem. sing.) - थीं / تھیں / tʰīⁿ (fem. pl.)۔Det andre hjelpeverbet må bli behalde.preteritum perfektumFørste personAndre personTredje personErstatt det tredje hjelpeverbet हूँ / ہوں / hūⁿ - हो / ہو / ho - है / ہے / hai - हैं / ہیں / haiⁿ i Presens perfektum med hjelpeverbet था / تھا / tʰā(mask. sing.) - थे / تھے / tʰe (mask. pl.) - थी / تھی / tʰī (fem. sing.) - थीं / تھیں / tʰīⁿ (fem. pl.).Det andre hjelpeverbet må bli behalde.Enkel futurumFørste personAndre personTredje personMask. Sing.करूंगा / کروں گا / karūⁿgāकरोगे / کرو گے / karogeकरेगा / کرے گا / karegāMask. Pl. करेंगे / کریں گے / kareⁿgeकरोगे / کرو گے / karoge करेंगे / کریں گے / kareⁿgeFem. Sing.करूंगी / کروں گی / karūⁿgīकरोगी / کرو گی / karogīकरेगी / کرے گی / karegīFem. Pl.करेंगे / کریں گی / kareⁿgeकरोगी / کرو گی / karogīकरेंगी / کریں گی / kareⁿgīfuturum imperfektumFørste personAndre personTredje personBøy hjelpeverbet रहना / رہنا / rahnā i Enkel futurum, som ovanfor og bruk det etter det bøygde presens partisippet करता / کرتا / kartā.futurum perfektumFørste personAndre personTredje personErstatt det tredje hjelpeverbet हूँ / ہوں / hūⁿ - हो / ہو / ho - है / ہے / hai - हैं / ہیں / haiⁿ av presens perfektum med hjelpeverbet रहना / رہنا / rahnā bøygd i Enkel futurum. The second auxiliary shall stay.imperativ modus / subjunktiv (ønske/ordre)Første personAndre personTredje personMask. Sing.करूँ करो करे Mask. Pl.करें करो करें Fem. Sing.करूँ करो करे Fem. Pl.करें करो करें
Presens partisipp her er करता og preteritum partisipp er किया (med variant i dette tilfellet som करा — som ikkje er standardform) — begge to må bli bøygd som adjektiv når dei er brukt som adjektiv. Imperativ er eit unntak, den forma er og . For den første av dei to er det कर , og for den andre er det कीजिये (med variationar i dette tilfellet करिये and करें — som blir betrakta som substandard). Futurum har også to andre kondisjonalformer, som vi kkje listar opp her.
Hindustānī har to diateseformer, —aktiv og passiv.
Ei stammeendring i nest siste staving av infinitiven kan føre til ei semantisk endring for mange verb, t.d. बनना (å bli laga, å bli) → बनाना (å lage, gjere) → / बनवाना (å få til å bli laga). See ff.
I mykje av den Punjabi-påverka regionen i nordvest-India, Pākistān, og den indian delstaten Rājastʰān blir pronomenet आप / آپ / brukt med verb bøygd i तुम / تم / -forma. t.d, आप / آپ / āp .... करोगे / کرو گے / karo ge, आप करो / آپ کرو / āp karo.
Pronomen
Tabellen under viser det personlege pronomenet i første, andre og tredje person, i ulike kasus og formalitetsnivå.
Første personAndre personTredje person SingularPluralFormellInformellSvært informellSingularPluralSingularPluralDirectमैं / میں / maiⁿहम / ہم / hamआप / آپ / āpतुम / تم / tum तू / تو / tūयह/ये / yeh/yeیہ / yehये / yeیہ / yehवह/वो / vah/voوہ / vohवे/वो / ve/voوہ / vohAkkusativमुझे / مجھے / mujʰeहमें / ہمیں / hameⁿआपको / آپ کو / āpkoतुम्हें / تمہیں / tumheⁿतुझे / تجھے / tujʰeइस्से / اِس سے / isseइन्हें / اِنہیں / inheⁿउस्से / اُس سے / usseउन्हें / اُنہیں / unheⁿOblikमुझ- / -مجھ / mujʰ-हम- / -ہم / ham-आप- / -آپ / āp- तुम- / -تم / tum-तुझ- / -تجھ / tujʰ-इस- / -اِس / is-इन- / -اِن / in-उस- / -اُس / us-उन- / -اُن / un-Genitivमेरा / میرا / merā हमारा / ہمارا / hamārā आपका / آپکا / āpkā तुम्हारा / تمہارا / tumhārā तेरा / تیرا / terā इसका / اِسکا / iskā इनका / اِنکا / inkā उसका / اُسکا / uskā उनका / اُنکا / unkā
Talord
Språkslektskapet mellom hindi og norsk kjem klårt fram i talorda frå ein til ti.
+Talrekkja frå 1 til 10 i hindi Tal Devanagari Transkr Tal Devanagari Transkr 1 एक ek 6 छः chaḥ 2 दो do 7 सात sāt 3 तीन tīn 8 आठ āṭh 4 चार cār 9 नौ nau 5 पॉँच pāṃc 10 दस das
Konjunksjonar og subjunksjonar
Eit særmerke ved dagens hindi er at konjunksjonar brukt i daglegtala er svært forskjellige frå konjunksjonar brukt i meir formelt eller litterært språk. Mange konjunksjonar brukt i daglegtala har kome inn til hindi frå andre språk. Det litterære språket bruker ikkje desse orda, og har henta konjunksjonar frå sanskrit i staden.
Vanlege konjunksjonar på HindiDagleg formLitterær formTydingऔर aurतथा tathā, वा vā ogभी bhīअपि apiogsåया yāअथवा athavāellerनहीं तो nahīṃ toअन्यथा anyathāellesमगर magarकिंतु kiṃtu, परन्तु parantu, तथापि tathāpi, menइस लिए is lieअतः ataḥ, अतेव atevadiforन तो... न... na to... na...न... न... na... na...verken... eller...
बाप और बेटा bāp aur beṭā «far og son»
Den viktigaste subjunksjonen på hindi er कि ki ‘at’, som står framfor setninga eller predikatet det modifiserer:
कया आप जानते हैं कि गाड़ी कब जाती है? kyā āp jānte haiṃ ki gāṛī kab jātī hai? Veit de, KI når toget går?
Andre subjunksjonar brukt på hindi inkluderer अगर agar «viss» (यदि yadi på litterært språk) og तो भी to bhī eller फिर bhī phir bhi «sjølv om» (यद्यपि... तथापि... yadyapi... tathāpi... på litterært språk).
Syntaks
Hindi er eit SOV-språk, og det har postposisjonar. Dei finitte hjelpeverba kjem til slutt, t.d. maĩ kām kartā hũ «eg arbeid gjerande er» «Eg arbeider». Adjektiva kjem før substantiva i nominalfrasen.
Orddanning
Orddanning i hindi skjer ved avleiiing (med suffiks eller prefiks), eller med samansetjing. Suffiksa er vanlegare enn prefiks. Prefiksa er stort sett lånt frå sanskrit, arabisk eller persisk.
Kategori:Hindi