mini|Trengereid Fabrikker på Trengereid ved Bergen i 1910, Tekstilindustrimuseet, originalfoto på Bergen Byarkiv). Trengereid Fabrikker var ein tekstilfabrikk etablert på Trengereid, no i bydelen Arna i Bergen kommune, i 1895. Fabrikken produserte band og lisser, og hadde eige kraftverk. Produktspekteret var stort: alt frå isolasjonsband og etikettar, til BH-stropper og selar. mini|Skolisser frå Trengereid Fabrikker. Fabrikken hadde tette band til industrigründerane i Arne Fabrikker i Ytre Arna; Peter Jebsen kjøpte rettane til Skulstadelva på Trengereid i 1878, og broren Johan Jebsen etablerte bandfabrikken Trængereid Fabrik der i 1895. Den yngste sonen hans, Karl Jebsen, tok over fabrikken på Trengereid i 1899, og i 1910 utvida han med ein fabrikk til: Karl Jebsens Baand- og Lidse-Fabrik. Denne låg på Solheim, nær Danmarks plass i Bergen. I 1915 vart den ein del av aksjeselskapet Trengereid Fabrikker. mini|Trengereid Fabrikker si avdeling på Solheim i Bergen (1911). mini|Silkesnor produsert ved Trengereid Fabrikker. 1970-talet førte med seg mange fusjonar og omorganiseringar: I 1974 fusjonerte Trengereid fabrikker med Oslo Baand & Lidsefabrikk og skifta namn til A/S Cebelle-Trengereid, etter Cebelle, varemerket til Oslo Baand og Lidsefabrik. Som ein del av denne prosessen fekk bedrifta ein ny produksjonsstad i Tistedalen ved Halden. I 1979 overtok Cebelle-Trengereid eit produksjonsanlegg for gåveband, Jul-I-Nor, og på 1980-talet kjøpte bedrifta fletteriet og hekleriet ved Teko Fabrikker i Bergen. I 1987 vart drifta på Trengereid lagt ned, og ved 100-års jubileet i 1995 var heile produksjonen samla i avdelinga Solheim på Danmarks plass i Bergen. I 1999 vart også denne avdelinga lagt ned.

Referansar

Kjelder

Bedriftsarkiv. BBA-2937/8 Trengereid Fabrikker/Cebelle-Trengereid, Bergen Byarkiv. Gjenstandar og trykksaker frå bedrifta, Tekstilindustrimuseet.

Denne artikkelen bygger på «Trengereid Fabrikker» frå , den 28. januar 2022.

Bakgrunnsstoff

Artikkel om Trengereid Fabrikker på DigitaltMuseum Objekt fra Trengereid Fabrikker på DigitaltMuseum

Kategori:Arna Kategori:Historie i Bergen Kategori:Næringsliv i Bergen Kategori:Tidlegare norske tekstilverksemder Kategori:Skipingar i 1895 Kategori:Nedleggingar i 1999