mini|Topografisk kart som viser landforma og grensene til Galloway og dei to fylkene der. Galloway (skotsk-gælisk Gall-ghaidhealaibh eller Gallobha; låglandsskotsk Gallowa; latin Gallovidia) er ein region i Sørvest-Skottland som omfattar grevskapa Wigtown og Kirkcubright.Andy Eagle (27. mars 2003): «The Online Scots Dictionary» , Scots-online.org. Namnet kjem frå skotsk-gælisk og tyder «framande gælarar», og viser til historiske gælarar av blanda opphav, både norrønt og gælisk opphav, som ei tid var dominerande i området.«Galloway», Online Etymology Dictionary

Galloway er avgrensa av havet i vest og sør, fjella Galloway Hills i nord, og elva Nith; grensa mellom Kirkcudbright og Wigtown er markert av elva Cree. Det har tidlegare òg vore under ein administrasjon kalla Stewart, under nemninga Stewartry of Kirkcudbright (som strekkjer seg frå Nith til Cree, og er likeeins avgrensa av Galloway Hills i nord).A Historical Index of The People and Places of The Stewartry of Kirkcudbright, Kirkcudbright.coThe Stewartry Museum, Kirkcudbright , Dumfries & Calloway Council Storleiken og omfanget av Galloway endra seg gjennom historia.

Galloway er òg namnet til ein hardfør rase av svart, hornlaust kveg som stammar frå regionen (og òg til den meir karakteristiske Belted Galloway eller Beltie). Området har alltid vore noko isolert på grunn av at det har 240 km med ulendt kystlinje og ein stor, aude fjellkjede i nord.The Belted Galloway Cattle SocietyHistory & Attributes: The Belted Galloway... An Old Scottish Breed Galloway

Landbruk Historisk har Galloway vore kjend for både hestar og kyr, og mjølk og kjøt er haldne fram som viktige næringar. Det er òg betydeleg tømmerproduksjon og ein del fiskeri. Kombinasjonen av fjell og nedbør har gjort Galloway veleigna for produksjon av vasskraft, noko som byrja i 1929.«Galloway and Lanark Hydro Schemes», Scottish Power«Galloway Hydros Technical Factsheet» (PDF), Scottish Power På byrjinga av 2000-talet er det oppretta vindturbinar for vindkraftverk ei rekkje stader ved vasskilet, og fleire vindkraftverk i havet utanfor kysten er planlagt for å auka produksjon av grøn energi i Galloway.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Galloway» frå , den 16. februar 2022.

Litteratur

Brooke, D (1994): Wild Men and Holy Places, Edinburgh: Canongate Press, ISBN 0-86241-479-2. Mange av monologane hennar er tilgjengelege på nett . Oram, Richard (2001): The Lordship of Galloway: c.900 to c.1300, John Donald Publishers Ltd. Klaudios Ptolemaios: Geographia, red. Bill Thayer, LacusCurtius ved the University of Chicago (utgitt 2008)

Galloway-dialekten ved Scots Language Centre (arkivert nettside)

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skotsk geografi Kategori:4°V Kategori:55°N