Smågrønkurle (Dactylorhiza viridis ssp. viridis) eller bakkegrønkurle er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. I Norsk raudliste for artar er underarten vurdert som livskraftig (LC).

Systematikk Artsdatabanken bruker prinsipielt separate namn på ulike taksonomiske nivå. Her har ein valt å bruke det innarbeidde namnet grønkurle på arten og gi eit nytt namn til nominatunderarten, som først fekk namnet bakkegrønkurle, seinare endra til smågrønkurle. Ingen av desse namna er så langt godt innarbeidde. Som oftast vil det vere denne underarten som er meint når ein bruker namnet grønkurle, og mange vel å omtale underarten som «vanleg grønkurle».

Grønkurle var tidlegare plassert i slekta Coeloglossum med namnet Coeloglossum viride. Slektskapet til marihandslekta var så nært at ein i Noreg og Finland har valt å overføre grønkurle dit. I Sverige og Danmark har ein valt å halde på Coeloglossum-namnet.

Skildring venstre|mini|Smågrønkurle på Dovre. mini|Heil plante med knoll. Plantar i låglandet på Søraustlandet er ofte 20–30 cm høge, medan plantar i fjellet er lågare med kortare blad og aks. Arten har smalt aks og to-tre blad som er 1–2,5 cm breie og spreiddstilte. Dei kan vera opprette eller utbøygde.

Blomane har ei hengande, treflika leppe med kort midtflik og to lengre sideflikar. Over leppa laga dei andre blomeblada ein hjelm. Fargen på blomane kan variere frå gulaktig til grøn eller raudbrun.

Arten liknar på islandsgrønkurle, men skil seg gjennom at han er «ein mykje grannare plante med berre to eller tre blad som ikkje er tettstilte, og eit mykje grannare og meir grissent aks.»

Utbreiing Smågrønkurle er ein vanleg orkidé over det meste av Noreg med unntak av kyststrøka i sør. Han trivst på myr, eng og slåttemark, og han kan finnast i fjellskog og på grasmark høgt til fjells. Fjellplantene er monaleg mindre og har mykje mindre blomeaks enn låglandsplantene.

Arten grønkurle, representert ved underarten smågrønkurle, finst òg i Sverige (status LC) og i Finland (NT). Det svenske namnet er vanlig grönkulla og det finske pussikämmekkä. I Danmark (dansk namn poselæbe) er han sist sett i 1950, og er rekna som regionalt utdøydd (RE).

Arten grønkurle (engelsk namn frog orchid) veks spreidd over det meste av Dei britiske øyane, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet. I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU). Lokalt er han sårbar (VU) i England og Skottland og sterkt truga (EN) i Wales. I Irland har han status som nær truga (NT).

I Estland (estisk namn rohekas õõskeel) veks arten grønkurle spreidde stader på øyane og på fastlandet, men er i sterk tilbakegang og er no rekna som kritisk truga (CR). I Latvia (latvisk namn zaļā dobziede) er arten sjeldan og finst som einskildindivid og i små grupper på eng og i open skog. På den latviske raudlista er han klassifisert som sårbar (kategori 2 – retas sugas). I Litauen (litauisk namn žalioji gegūnė) har arten vore funne spreidd over heile landet, men er i sterk tilbakegang og finst no mest i aust. Han er rekna som kritisk truga (CR).

I Benelux er arten grønkurle (nederlandsk namn groene nachtorchis, fransk namn orchis grenouille) sjeldan og i tilbakegang i Nederland og er no berre å finne i Limburg. I Belgia er han svært sjeldan i kalkrike område i Flandern, men litt meir vanleg sør i Vallonia. I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd), I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd) i Flandern og er i 2026 oppgradert frå sterkt truga til kritisk truga (CR, en danger critique) i Vallonia. I Luxembourg er han rekna som kritisk truga (CR).

I Tyskland er smågrønkurle (tysk namn Grüne Hohlzunge) rekna som sterkt truga (EN, stark gefährdet). I Polen er arten (polsk namn ozorka zielona) sårbar (VU, narażony).

Hybridar Hybridar mellom smågrønkurle og båe underartane av bleikmarihand er funne fleire stader i Noreg. Hybriden med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × viridis ssp. viridis eller Dactylorhiza ×mixta) er registrert i Sverige og spreidd på Dei britiske øyane. Hybriden med flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata × viridis ssp. viridis eller Dactylorhiza ×conigera) er òg funne både i Sverige og noko sjeldnare på Dei britiske øyane.

Det er registrert eit funn av hybriden med lappmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. lapponica × viridis) i Troms. Hybridar med purpurmarihand (Dactylorhiza majalis ssp. purpurella × viridis ssp. viridis eller Dactylorhiza ×viridella) er registrert i Irland og på Hebridane i Skottland.

Smågrønkurle kan danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med grov nattfiol (Dactylorhiza viridis ssp. viridis × Platanthera chlorantha), registrert i Sverige. På Dei britiske øyane er det òg funne ein intergenerisk hybrid med brudespore (Dactylorhiza viridis ssp. viridis × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia jacksonii). Han er funnen spreidde stader i England.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Finland Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Latvia Kategori:Orkidear i Litauen Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Marihandslekta Kategori:Utvalde artiklar 2026