Kvitkurleslekta (Pseudorchis) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Systematikk På verdsbasis har kvitkurleslekta berre dei to artane som lever i Noreg. Dei var tidlegare knytte til slektsnamnet Leucorchis, men blir no rekna til slekta Pseudorchis.
Etymologi Namnet Pseudorchis er laga ut frå det greske førestavinga psevdo- (ψευδο-), som tyder falsk, og slektsnamnet Orchis, altså «falsk orkidé».
Artar i Noreg Artsdatabanken opererer med to artar i Noreg:
kvitkurle (P. albida) fjellkvitkurle (P. straminea)
Av desse er kvitkurle teken med på Norsk raudliste for artar (2021) som sårbar (VU).
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Slekter i orkidéfamilien