Raudkurle (×Gymnigritella runei) eller brudekurle er ei plante i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.
Systematikk Ein reknar med at arten har oppstått gjennom hybridisering mellom brudespore og svartkurle. Dersom svartkurle blir rekna inn i brudesporeslekta Gymnadenia, får hybriden det vitskaplege namnet Gymnadenia ×runei. Dersom svartkurle ikkje blir innlemma i Gymnadenia, men blir ståande i svartkurleslekta Nigritella, slik Artsdatabanken har vald, er dette ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med det vitskaplege namnet ×Gymnigritella runei.
Utbreiing I Sverige finst raudkurle (svensk namn brudkulla) berre på nokre få funnstader i fjellområda i Norrland. Arten er i Sverige rekna som nær truga (NT).
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Brudesporeslekta Kategori:Svartkurleslekta