Skrueaks (Spiranthes spiralis) er ei plante i skrueaksslekta Spiranthes i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten veks ikkje i Noreg. Skrueaks skil seg frå dei fleste andre orkidear i tempererte strøk ved at han blømer om hausten.
Utbreiing Skrueaks finst i store delar av Europa utanom den nordlege delen.
I Sverige (svensk namn skruvax) finst han på ein lokalitet på Öland, der han er innplanta. Han er derfor klassifisert som framandart.
I Danmark (dansk namn skrueaks) vart arten sist sett på Bornholm i 1981 og er rekna som regionalt utdøydd (RE).
Skrueaks (engelsk namn autumn lady's-tresses) har ein god del veksestader i dei sørlege delane av Dei britiske øyane. Arten er i 2025 nedgradert frå nær truga til livskraftig (LC) i Storbritannia. Lokalt er han nær truga (NT) i England, men blir rekna som livskraftig (LC) i Wales. Arten er rekna som nær truga i Irland.
I Benelux veks arten (nederlandsk namn herfstschroeforchis, fransk namn spiranthe d'automne) i Nederland i sanddyner på kysten i sør og i Limburg. Han er sjeldan, men bestanden har teke seg noko opp dei siste åra. I Belgia finst han ikkje lenger i Flandern, medan han har ein kjend veksestad i Vallonia. I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd). I Belgia er han rekna som regionalt utdøydd (RE, regionaal uitgestorven) i Flandern og kritisk truga (CR, en danger critique) i Vallonia. Arten finst ikkje i Luxembourg.
I Tyskland er arten (tysk namn Herbst-Wendelorchis) rekna som sterkt truga (EN, stark gefährdet). I Polen (polsk namn kręczynka jesienna) veks han heilt sør i landet og blir rekna som kritisk truga (CR, krytycznie zagrożony).
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Irland Kategori:Orkidear i Nederland Kategori:Orkidear i Belgia Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Skrueaksslekta