Huldreblom (Epipogium aphyllum) er ei plante i huldreblomslekta Epipogium i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.

Utsjånad Huldreblom blir kring 20 centimeter høg. Planta har store, gulhvite blomar med rosa teikninger. Huldreblom har ikkje klorofyll, og tek opp næring ved å snylte på andre planter. Han blømer ikkje årvisst, og det er spunne myter kring denne blomen som kan dukke opp og forsvinne att.

Utbreiing Arten er nær knytt til fuktige område i gammalskog, og mange veksestader er øydelagde av moderne hogst. Huldreblom finst på spreidde stader kring i landet, gjerne på ulendte stader der hogst ikke er lønsamt. Huldreblom er totalfreda i Noreg og klassifisert på Norsk raudliste for artar (2021) som sårbar (VU).

Arten finst òg i Sverige (status NT, svensk namn skogsfru), i Danmark (CR, dansk namn knælæbe) og i Finland (VU, finsk namn metsänemä).

Huldreblom (engelsk namn ghost orchid) var rekna å vere utdøydd på Dei britiske øyane, men eit eksemplar vart funne i Herefordshire i 2009. Eit nytt funn vart gjort i 2024. I den britiske raudlista har arten status som kritisk truga (CR), likeeins lokalt for England.

I Estland (estisk namn lehitu pisikäpp) veks huldreblom spreidde stader, for det meste i aust. Han er rekna som kritisk truga (CR). I Latvia (latvisk namn bezlapu epipogija) er arten svært sjeldan, for det meste aust i landet. På den latviske raudlista er han klassifisert som sterkt truga (kategori 1 – draud iznīkšana). I Litauen (litauisk namn belapė antbarzdė) veks arten no berre på eit par lokalitetar heilt aust i landet og er blitt borte frå eit par andre stader. Han er rekna som kritisk truga (CR).

I Benelux er huldreblom (nederlandsk namn spookorchis, fransk namn épipogon sans feuilles) er ikkje registrert i Nederland og har ingen nylege funn i Belgia. I Luxembourg står han på raudlista som særs sjeldan (R). I Tyskland er arten (tysk namn Blattloser Widerbart) sterkt truga (EN, stark gefährdet), og i Polen (polsk namn storzan bezlistny) er han rekna som kritisk truga (CR, krytycznie zagrożony).

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Orkidear i Noreg Kategori:Orkidear i Sverige Kategori:Orkidear i Danmark Kategori:Orkidear i Finland Kategori:Orkidear i Storbritannia Kategori:Orkidear i Estland Kategori:Orkidear i Latvia Kategori:Orkidear i Litauen Kategori:Orkidear i Luxembourg Kategori:Orkidear i Tyskland Kategori:Orkidear i Polen Kategori:Huldreblomslekta