Kari Vikhagen Gjeitnes () er ein norsk tidlegare langrennar frå Røvik/Skåla i Molde. Ho var medlem i Skåla IL til 2007, sidan representerte ho Henning Skilag.

Gjeitnes vann sprint-tevlinga ved junior-VM 2005. Ho sleit med å hevde seg på nasjonalt toppnivå som senior, tok som best NM-sølv i sprint-øvinga under Ski-NM 2008 og 2015. Under verdsmeisterskapen 2015 i Falun gjekk ho inn til femteplass i sprint, klassisk stil.

I sin siste sesong som aktiv, 2020-sesongen, sigra Gjeitnes i turrennet Marcialonga. Samanlagt vart ho nummer 2 i den internasjonale turrenn-turneringa (Ski Classics 2020).

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2005: Nr 4 på sprinten på Lillehammer Ski-NM 2006: Ski-NM 2007: Ski-NM 2008: Sølvmedalje på sprinten i Trondheim Ski-NM 2009: Ski-NM 2010: Nr 5 på 30 km på Tolga Ski-NM 2011: Nr 6 på sprinten i Steinkjer Ski-NM 2012: Nr 4 på sprinten på Voss Ski-NM 2013: Ski-NM 2014: Nr 8 på 10 km på Lillehammer Ski-NM 2015: Sølvmedalje på sprinten på Røros Ski-NM 2016: Nr 7 på 10 km i Tromsø

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kari Vikhagen Gjeitnes» frå , den 6. mars 2022.

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Molde