Mott er det sjette studioalbumet til det britiske rockebandet Mott the Hoople. Det nådde sjuandeplassen på UK Albums Chart.

«All the Way from Memphis», ei redigert utgåve som kom ut på singel, vart mykje spelt på radio i USA og skaffa dei mange fans der, i tillegg til at han gjekk inn på UK Singles Chart.

Plateomslag Albumet hadde ulike plateomslag i Storbritannia og USA, i tillegg til ommastra spor på somme utgåver. Det amerikanske omslaget syner eit bilete av dei fire bandmedlemmane med ordet «MOTT» over og «Mott The Hoople» skriven inne i O-en. Det britiske omslaget bestod av ein illustrasjon basert på ei byste av den romerske keisaren Augustus og namnet skriven i 1920-tals Art Deco-font på eit gjennomsiktig plastomslag. Keisaren dukka opp att på innsida av omslaget til The Hoople, det neste og siste albumet deira. Ei ommastra og utvida utgåve av albumet kom ut på Columbia/Legacy i USA i 2006.

Mottaking

I 2003 vart albumet rangert på 366. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, men vart flytta ned til 370. plassen på den reviderte lista i 2012. På lista deira frå 2020 var ikkje albumet med.

Innhald Alle songar skrivne av Ian Hunter, utanom der andre er nemnde.

Medverkande Mott the Hoople Ian Hunter – solovokal (alle spor utanom 8); piano (alle spor utanom 5); akustisk gitar (spor 3, 7, 9); rytmegitar (spor 6); echo vamper (spor 7, 9); arrangement Mick Ralphs – sologitar (alle spor utanom 9); korvokal (spor 1, 2, 4); orgel (spor 3, 5, 7, 8); Moogotron (spor 2); mandolin (spor 9); tamburin (spor 1); akustisk gitar (spor 8); solovokal (spor 8) Pete «Overend» Watts – bassgitar (alle spor); korvokal (spor 4); fuzz bass (spor 8) Dale «Buffin» Griffin – trommer (alle spor); korvokal (spor 1, 3, 4, 6)

Andre medverkande Paul Buckmaster – elektrisk cello på «Honaloochie Boogie» Morgan Fisher – piano, synthesizer, korvokal på «Drivin' Sister» (live) Mick Hince – bjøller på «I Wish I Was Your Mother» Andy Mackay – tenorsaksofon på «All The Way from Memphis» og «Honaloochie Boogie» Graham Preskett – «sinnsjuk» fiolin på «Violence» Thunderthighs (Karen Friedman, Dari Lalou, Casey Synge) – korvokal på «Hymn for the Dudes»

Teknisk Dan Loggins – produksjonsleiar Alan Harris, Bill Price, John Leckie – lydteknikar Roslav Szaybo – kunstnarisk leiar, design

Salslister Album ÅrListePlassering1973UK Albums Chart71973AUS Kent Music Report571973Billboard 20035

Singel ÅrSingelListePlassering1973«All the Way from Memphis»UK Official Charts10

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mott (album)» frå , den 16. mars 2022. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Mott the Hoople-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Columbia Records-album 370