Mud Rock vol. 2 er det andre studioalbumet til det engelske glamrockbandet Mud, utgjeve i juli 1975.
Albumet fortsette den same trenden frå debutalbumet og bestod av ei rekkje feststemde songar frå 1950- og 1960-talet, i tillegg til ein originalsong av produsentane og låtskrivarane Mike Chapman og Nicky Chinn.
Allmusic skreiv om albumet: «Mud Rock, Vol. 2 er, trass i nokre heite, morosame songar, berre eit band på cruisekontroll. Det er likevel nokre flotte augneblikk her, som den hawaiidominerte «Hula Love», som er uimotståeleg corny, medan «Let's Have a Party» og «One Night» er tøffe rockelåtar som syner kor langt føre revival-pakken Mud kunne ha vore, hadde produsentane deira lete dei ta det skrittet.»
Innhald
Medverkande Les Gray: vokal Ray Stiles: bassgitar, vokal Dave Mount: trommer, vokal Rob Davies: gitar, vokal Andy Ball: klaverinstrument
Andre Phil Dennys: strykarar (spor 2, 8, 10) Gonzalez: blåseinstrument (spor 3, 6) Pete Wingfield: piano (spor 4, 5) Ellie: korvokal (spor 7, 9) Harvey Hinsley: steelgitar (spor 9)
Kjelder
Kategori:Mud-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Musikkalbum produserte av Mike Chapman Kategori:Rak Records-album