Leonid Aleksejevitsj Filatov ) var ein sovjet-russisk skodespelar, regissør, diktar og skribent. Han blei kjend som medlem av truppen til Taganka teater under regissøren Jurij Ljubimov. Trass i helseplager gjennom 1990-talet oppnådde han fleire prisar, som Statsprisen til den russiske føderasjonen og Russisk folkeartist i 1996.

Liv Filatov var fødd i Kazan. Faren var Aleksej Jeremejevitsj Filatov (f. 1910), mora var Klavdia Nikolaevna Filatova (f. 1924). Familien flytta mykje, ettersom faren var radiooperatør og var mykje med på feltekspedisjonar. Foreldra skilte seg då Leonid var sju år gammal, og han flytta med mor si til Asjkhabad der ho hadde slektningar. Filatov fekk sine fyrste utgjevingar som skulegut i pressa i Asjkhabad.

Etter å ha fullført skulegangen drog han til Moskva i 1965. Her prøvde han å bli filmregissør, men kom ikkje inn ved det statlege filminstituttet VGIK . Filatov gav ikkje opp, og søkte etter råd frå ein medelev om opptak ved Sjtsjukin teaterskule. Han byrja på kurset til B.K. Lvova og L.N. Sjikhmatov i 1965, og gjekk ut frå skulen som skodespelar i 1969.

I 1969 blei Filatov skodespelar med truppen til Taganka teater i Moskva. Den fyrste hovudrolla hans var i ei dramatisering av 'Kva kan gjerast' av Nikolaj Tsjernysjevskij. Karrieren hans fortsette med roller i Mesteren og Margarita, Kirsebærhagen, 'Huset ved elvebreidda', 'Fest setebelta', Pugatsjev, 'Antiverder', 'Kamerat' og 'Tru'. Han spelte rolla som Horatio i Hamlet, Kultsjitskij i 'Dei falne og dei levande', Federzoni i 'Galileos liv' og Players-21 (med Sergej Jurskij sin kreative kunstnarassosiasjon).

Frå 1985 til og med 1987, medan Taganka-teateret var leia av Anatolij Efros, var Leonid Filatov ved Sovremennik-teateret. Seinare vende han tilbake til Taganka. I 1993 blei Filatov med Nikolaj Gubenko, Natalja Sajko, Nina Sjatskaja og andre skodespelarer til å skipa foreininga Sodruzjestvo akterov Taganki (Содружествo актеров Таганки).

Han skreiv fleire skodespel, som 'Ein kunstnar frå Sherwoodskogen' og Scenens brysomme barn.

Frå 1970 dreiv Filatov med film. Dei viktigaste rollene hans var i filmar som Gorod pervoj ljubvi, Krasj-landing, Golos, Zjensjtsjinij sjutjat vserjez, Gratsji, Suksess, Tsjitsjerin, Glemt melodi for fløyte, By utenfor folkeskikken og Blagotvoritelnjij bal.

I 1990 regisserte han filmen Scenens brysomme barn (russisk Сукины дети, Sukinij deti), basert på sitt eige drama, og spelte ei birolle. Filmen var med i den 17. internasjonale filmfestivalen i Moskva. På 1990-talet laga han også fleire dokumentarar om gløymde kulturelle ikon.

Frå 1970 skreiv Filatov songar i lag med Vladimir Katsjan.

Leonid Filatov var gift med skodespelaren Nina Sjatskaja. Paret fekk ein son.

Bøker

'Beige-farga appelsinar' 'Soga om bogeskytaren Fedot' (Skaz pro Fedota-streltsa, udalogo molodtsa)

Filmar i utval

1980 — Экипаж, Ekipasj (Krasj-landing) som Igor Skvortsov 1981 — Вам и не снилось, Vam i ne snilos som Mikhail Slavin 1982 — Голос, Golos, som herr B.K. 1982 — Избранные, Izbrannyje som filmregissør 1984 — Успех, Uspek, som Gennadij Fetisov 1986 — Чужая белая и рябой, Tsjuzjayj Belaja i Rjaboi, som Ivan Naydyonov (røyst) 1987 — Забытая мелодия для флейты, Zabjtaja melodija dlja fleytij) som Leonid Filimonov 1988 — Шаг, Sjag, som Gusev 1989 — Город Зеро, Gorod Zero, som Aleksej Varakin 1990 — Сукины дети, Sukinij deti) som Jurij Mikhailovitsj

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Leonid Filatov» frå , den 20. mars 2022.

Bibliografi

.

Bakgrunnsstoff

Leonid Filatov's Tale of Soldier Fedot the Daring Fellow in English (translated from the Russian by Alec Vagapov): Leonid Filatov's Tale of Soldier Fedot, the Daring Fellow. Bilingual Version (Russian-English).

Kategori:Sovjetiske regissørar Kategori:Russiske diktarar Kategori:Russiske skodespelarar Kategori:Folk frå Kazan