The Velvet Underground & Nico er debutalbumet til det amerikanske rockebandet The Velvet Underground og den tyske songaren Nico, gjeve ut i mars 1967 på Verve Records. Det vart spelt inn i 1966 medan bandet spelte på Andy Warhol sin Exploding Plastic Inevitable-turné. Albumet består av eksperimentell musikk og kontroversielle tekstar, som omhandla dopmisbruk, prostitusjon, sadomasochisme og seksuale avvik. Det selde dårleg og vart stort sett ignorert av kritikarane då det kom ut, men vart seinare rekna som eit av dei mest inspirasjonstunge album i heile rockehistoria.
Det er blitt skildra som «det originale kunstrock-albumet», og hadde stor innverknad på mange undersjangrar av rock og former for alternativ musikk, inkludert punk, garasjerock, krautrock, post-punk, shoegaze, goth og indie. I 1982 sa musikaren Brian Eno at sjølv om albumet berre selte kring 30 000 eksemplar dei første fem åra, «starta alle dei 30 000 som kjøpte ei av desse eit band!»Sources discussing the quote:
The quote referenced:
I 2003 vart albumet rangert på 13. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, og i 2006 vart det innlemma i National Recording Registry av Library of Congress.6. mars 2007 – Recordings by Historical Figures and Musical Legends Added to the 2006 National Recording Registry , News from the Library of Congress, 2006 National Recording Registry – The Library Today (Library of Congress).
Innspeling venstre|mini|264x264pk|Nico song solovokal på tre spor, inkludert singelen «All Tomorrow's Parties».
The Velvet Underground & Nico vart spelt inn med den første profesjonelle besetninga av The Velvet Underground: Lou Reed, John Cale, Sterling Morrison og Maureen Tucker. Mentoren og manageren deira Andy Warhol, og samarbeidspartnaren hans Paul Morrissey, fekk òg den tyske songaren Nico med på albumet etter at ho stundom hadde sunge solovokal for bandet. Ho song solo på tre av songane på albumet — «Femme Fatale», «All Tomorrow's Parties» og «I'll Be Your Mirror»—og korvokal på «Sunday Morning». I 1966, då albumet vart spelt inn, var dette òg besetninga som spelte som ein del av Warhol sitt Exploding Plastic Inevitable.
Dei fleste av songane som kom med på The Velvet Underground & Nico vart spelte inn i april 1966 under ein fire dagar periode i Scepter Studios, eit nedslite platestudio i Manhattan. Innspelinga vart betalt av Warhol og salssjefen i Columbia Records, Norman Dolph, som òg fungerte som lydteknikar i lag med John Licata. Sjølv om ein ikkje veit nøyaktig kva prosjektet kosta, har estimata variert frå 1 500 til 3 000 amerikanske dollar.
Kort etter innspelinga sende Dolph ei acetatplate av innspelingane til Columbia Records i eit forsøk på å få dei interessert i å distribuere albumet, men dei avslo. Det same gjorde Atlantic Records og Elektra Records, og i følgje Morrison protesterte Atlantic mot dopreferansane i songane til Reed, medan Elektra mislikte bratsjen til Cale. Til slutt tok MGM Records-eigde Verve Records i mot innspelingane, med hjelp frå den faste produsenten til Verve, Tom Wilson som nyleg hadde starta for dei etter å ha slutta hos Columbia.
Då dei hadde eit selskap i ryggen vart tre av songane, «I'm Waiting for the Man», «Venus in Furs» og «Heroin», spelte inn på nytt ein månad seinare, i mai 1966 over to dagar i TTG Studios under eit opphald i Hollywood. Då utgjevinga av plata vart utsett, tok Wilson med seg bandet til Mayfair Recording Studios på Manhattan i november 1966 for å legge til ein song til på albumet: singelen «Sunday Morning».
Produksjon mini|Kunstnaren Andy Warhol designa plateomslaget på albumet og spelte ei stor rolle i produksjonen av albumet.
Sjølv om Andy Warhol er den einaste som formelt er oppført som produsent, hadde han liten direkte påverknad utanom at han betalte for innspelingane. Fleire andre som arbeidde på albumet er ofte nemnde som teknisk produsent.
Norman Dolph og John Licata er stundom sagt å ha produsert innspelingane i Scepter Studios, sidan dei var ansvarlege for å ta opp lyden og var lydteknikarar, men ingen av dei er oppførte som dette. Dolph sa at Cale var kunstnarisk produsent, sidan han tok seg av dei fleste arrangementa. Cale sa derimot sjølv at Tom Wilson produserte nesten alle spora, og at Warhol «ikkje gjorde noko som helst». Reed sa òg at den «verkelege produsenten» på albumet var Wilson. Reed hevda det var MGM som valde å hente inn Wilson, og sa det var han som produserte songar som «Sunday Morning»: «Andy absorberte all kritikken. Så sa MGM at dei ønskte å hente inn ein verkeleg produsent, Tom Wilson. Så det er slik du fekk 'Sunday Morning', med alle desse ekstra lydspora - bratsjen i bakgrunnen, Nico som syng. Men han kunne ikkje gjere om det som alt var gjort.»
Sterling Morrison og Lou Reed omtalte begge Warhol sin mange på manipulasjon som ein legitim produksjonsmetode. Morrison skildra Warhol som produsenten «slik ein produserer ein film».«An Interview with Sterling Morrison», Fusion, 6. mars 1970. Reproduced in Medan Reed sa:
Musikk og tekst
Tema The Velvet Underground & Nico var kjend for skildringar av tema som dopmisbruk, prostitusjon, sadisme og masochisme og seksuelle avvik. «I'm Waiting for the Man» skildrar ein person som prøver å få tak i heroin, medan «Venus in Furs» er nesten ei bokstavleg tolking av 1800-tals romanen av same namn (som hovudsakleg består av soger omBDSM). «Heroin» inneheld detaljar om dopmisbruket til hovudpersonen og kjenslene av verknaden av stoffet.
Lou Reed, som skreiv dei fleste tekstane, tenkte ikkje å skrive om slike tema fordi dei var sjokkerande. Reed var fan av diktarar og forfattarar som Raymond Chandler, Nelson Algren, William S. Burroughs, Allen Ginsberg og Hubert Selby jr., og såg ikkje kvifor verka deira ikkje skulle fungere i rockemusikk. Han hadde studert engelsk ved Syracuse University og sa i eit intervju at han tenkte at det var «opplagt» å slå saman grove tema og musikk. «Det er slikt du kan lese om. Kvifor kan du ikkje lytte til det òg? Om du har det moro når du les det, og får det som er moro med rock i tillegg.»
Dei mørke emna på albumet vert i dag rekna som revolusjonerande, og fleire av songane på albumet omhandlar tema som er meir typiske for popmusikken. Visse songar skrivne av Reed er observasjonar av folk i krinsen til Andy Warhol kalla «The Factory». «Femme Fatale» vart særskild skriven om Edie Sedgwick etter at Warhol spurde om det. «I'll Be Your Mirror», inspirert av Nico, er ein var og lidenskapleg song, i sterk kontrast til ein song som «Heroin». Ei vanleg mistolking er at «All Tomorrow's Parties» vart skriven av Reed etter at Warhol bad om det (som det står i biografien til Victor Bockris og Gerard Malanga om Velvet Underground, Up-Tight: The Velvet Underground Story). Sjølv om songen verkar å vere nok ein observasjon av folk kring Factory, skreiv Reed songen før han møtte Warhol, og spelte inn ein demo av songen i juli 1965 i Ludlow Street. Han hadde ei visestil, som mogelegeins var inspirert av Bob Dylan.
Instrument og framføring
Musikalsk har The Velvet Underground & Nico generelt blitt skildra som kunstrock, eksperimentell rock, proto-punk, psykedelisk rock, og avant-pop. Mykje av stilen på albumet kom frå John Cale, som la vekt på dei eksperimentelle kvalitetane deira. Han var sterkt inspirert av arbeidet sitt med La Monte Young, John Cage og den tidlege Fluxus-rørsla, og oppfordra til bruk av alternative måtar å produsere lydar i musikken. Cale tenkte at følsemda hans passa godt med Lou Reed si, som alt eksperimenterte med alternative stemmingar. Til dømes hadde Reed «funne opp» ostrichgitar-stemminga for ein song han skreiv kalla «The Ostrich» for det kortvarige bandet hans, The Primitives. Ostrichgitar-stemming går ut på at alle strengene er stemde til same tone. Denne metoden vart nytta på songane «Venus in Furs» og «All Tomorrow's Parties». Ofte var gitarane òg stemnde ned ein heiltone, som skapte ein lågare, fyldigare lyd som Cale meinte var «sexy».
Bratsjen til Cale vart nytta på fleire av songane på albumet, som «Venus in Furs» og «Black Angel's Death Song». Bratsjen nytta gitar- og mandolinstrenger, og når han spelte høgt samanlikna Cale lyden med lyden frå ein flymotor. Tekniken til Cale bestod vanlegvis av bordunar, nedstemming og forvrenging. I følgje Robert Christgau opprettheld den «narkotiske dronen» ikkje berre den sadomasochisme-tematiske «Venus in Furs», men «identifiserer og samlar òg heile albumet musikalsk». Om vokalen sa han at «røysta til Nico har ein kabaretaktig seksualitet» utfylt av «det lidenskapslause fråværet i synginga til Reed». I 1966 skildra Richard Goldstein røysta til Nico som «som ein cello som vaknar om morgonen».Ulf Lindberg et al. Rock Criticism from the Beginning: Amusers, Bruisers, and Cool-headed Cruisers. Peter Lang, 2005. p. 115.
Plateomslag Plateomslaget for The Velvet Underground & Nico er gjenkjenneleg med eit Warhol-trykk av ei banan. Tidlege eksemplar av albumet inviterte eigaren til å «sakte skrelle og sjå», og kunne ta bort bananskalet og syne ei kjøtfarga banan under. Det måtte ein spesialmaskin til for å produsere desse omslaga (noko som førte til at utgjevinga av albumet vart forseinka), men MGM betalte for kostnadane og tenkte at banda til Warhol kom til å auke albumsalet. Dei fleste nyutgjevingane av vinylutgåva har ikkje klistremerket som kunne skrellast av. Originale eksemplar med klistremerket er i dag eit sjeldant samlarobjekt. Ei japansk nyutgjeving tidleg i 1980-åra var den einaste nyutgjevinga som hadde bananklistremerket i mange år. I 1996 om albumet ut på CD og bananbilete er på framsida, medan biletet av den skrelte banana er på innsida av etuiet, under sjølve CD-plata. Albumet vart trykt på nytt på tung vinyl i 2008 med bananklistremerket.
Søksmål om baksida
Då albumet først kom ut var hovudbiletet på baksida eit bilete av skodespelaren Eric Emerson projisert opp ned på ein vegg bak bandet, teken under ein performance under Warhol-hendinga Exploding Plastic Inevitable. Emerson trengde pengar og truga med søksmål over at biletet var nytta utan hans løyve, med mindre han vart betalt. I staden for å betale henta MGM inn kopiar av albumet og stoppa produksjonen fram til bilete av Emerson kunne retusjerast bort. Kopier som alt var trykt vart selde med eit stort, svart klistremerke over biletet av skodespelaren.
Søksmål om framsida I januar 2012 saksøkte føretaket «Velvet Underground» (der John Cale og Lou Reed var hovudeigarar) The Andy Warhol Foundation for the Visual Arts, Inc. i USA etter at Warhol-stiftinga gav lisensen for banandesignet til Incase Designs for at det kunne nyttast for eit merke iPhone- og iPad-deksel. Søksmålet omfattar brot på opphavsrett, varemerke og urettferdig konkurranse.
Med påstand om at stiftinga tidlegare hadde hevda at han «kunne» eige opphavsretten til designet, bad partnerskapet retten om ein erklæringsdom om at stiftinga ikkje hadde ein slik rett. Som svar gav stiftinga partnerskapet ei «Pakt om å ikkje saksøke» - eit skriftleg og bindande løfte om at sjølv om partnerskapet og visse andre parter fortsette å bruke designet kommersielt, ville stiftinga aldri påberope seg sitt påståtte opphavsrettsinnehav mot dei i ein domstol.
Dommaren Alison J. Nathan avviste partnerskapet sitt krav om opphavsrett frå søksmålet.
Mottaking
Salslister og salstal Då The Velvet Underground & Nico kom ut selde det dårleg. Det kontroversielle innhaldet på albumet førte til at det raskt vart bannlyst frå fleire platebutikkar, mange radiostasjonar nekta å spele musikk frå plata og magasin nekta å reklamere for albumet. Verve gjode uansett ikkje mykje for å marknadsføre eller distribuere albumet, som medverka til det dårlege platsalet. Richie Unterberger i AllMusic skreiv: