«Femme Fatale» er ein song av det amerikanske rockebandet The Velvet Underground frå debutalbumet The Velvet Underground & Nico frå 1967, med solovokal av Nico.
Bakgrunn Songen vart komponert i C-dur. Etter ønskje frå Andy Warhol skreiv frontmannen i bandet, Lou Reed, songen om Warhol-stjerna Edie Sedgwick. I følgje Reed sa Warhol då han spurte om kva han skulle skrive om ho: «Å syns du ikkje ho er ein femme fatale, Lou?», og Reed skriv så «Femme Fatale».
Songen vart spelt inn med Nico på vokal i Scepter Studios i New York i april 1966 medan studioet var under bygging. Han vart gjeven ut som ei B-side til «Sunday Morning» i desember 1966. Året etter kom han ut på debutalbumet deira, The Velvet Underground & Nico. Eit konsertopptak frå 199 kom ut på Bootleg Series Volume 1: The Quine Tapes som kom i 2001.
Mottaking AllMusic-kritikaren Mark Deming meinte at «Femme Fatale» var blant dei fire beste songane på albumet. Den amerikanske journalisten Stephen Davis kalla «Femme Fatale» ein vakker song som syner dei levande, konfliktfylte og emosjonelle understraumane i 1966.
Medverkande Nicosolovokal Lou Reedsologitar, korvokal John Calepiano, bass Sterling Morrisonsologitar, korvokal Maureen Tuckerskarptromme, tamburin
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Femme Fatale (song)» frå , den 23. mars 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Songar frå 1966 Kategori:The Velvet Underground-songar Kategori:Nico-songar Kategori:Songar skrivne av Lou Reed Kategori:Verve Records-singlar Kategori:R.E.M.-songar Kategori:Tom Tom Club-songar Kategori:Duran Duran-songar Kategori:Teenage Fanclub-songar Kategori:John Cale-songar Kategori:Elvis Costello-songar Kategori:Aloe Blacc-songar Kategori:Suzanna Hoffs-songar