mini|Bybilete i Plano
Plano er ein by i delstaten Texas i USA. Byen breier seg over to fylke; Collin County og Denton County. Plano vart grunnlagd i 1873 og hadde 295 894 ibuarar i 2020.
Byen er ein forstad til Dallas, på nordkanten av millionbyen. Sidan 1980-åra har ei rekke teneste- og teknologiselskap etablert seg i Plano. Mange av bybuarane har høginntekt, og byen vert rekna som den tryggaste storbyen i USA.
Lance Armstrong er frå Plano.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Plano, Texas» frå , den 30. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Texas Kategori:Skipingar i 1873